Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Guds pakt med Noah
9Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «Ver fruktbare, bli mange og fyll jorda!  2 Over alle dyra på jorda og alle fuglane under himmelen, over alt som rører seg på marka og alle fiskane i havet, skal det koma frykt og redsle for dykk. Dei er gjevne i dykkar hender.  3 Alt som lever og rører seg, skal no vera mat for dykk. Som eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette.  4 Men kjøt som har liv i seg, det vil seia blod, skal de ikkje eta.  5 For dykkar eige blod og liv vil eg krevja dykk til rekneskap. Eg vil krevja kvart dyr til rekneskap, og eg vil krevja kvart menneske til rekneskap for livet til eit medmenneske.
          
   
 6 Den som auser ut menneskeblod,
          ved menneske skal hans blod bli aust ut,
          for Gud laga mennesket i sitt bilete.
          
   
 7 Men de skal vera fruktbare og bli mange,
          myldra på jorda og bli mange der!»
 8 Så sa Gud til Noah og sønene hans:  9 «No vil eg oppretta mi pakt med dykk og etterkomarane dykkar 10 og med kvar levande skapning hos dykk, både fuglar og fe og alle ville dyr som er hos dykk, alle som gjekk ut av arka, alle dyr på jorda. 11 Eg opprettar mi pakt med dykk: Aldri meir skal det henda at alt kjøt og blod blir utrydda av vatnet frå storflaumen. Aldri meir skal det koma ein storflaum for å leggja jorda i øyde.»
          
   
12 Og Gud sa:
          «Dette teiknet set eg
          for pakta mellom meg og dykk
          og kvar levande skapning som er hos dykk
          i komande slekter til alle tider:
          
   
13 Eg set bogen min i skyene,
          han skal vera eit teikn på pakta
          mellom meg og jorda.
          
   
14 Når eg samlar skyer over jorda
          og bogen syner seg i skyene,
          
   
15 då vil eg koma i hug pakta
          mellom meg og dykk
          og kvar levande skapning,
          alt kjøt og blod.
          Aldri meir skal vatnet bli til ein storflaum
          som øydelegg alt kjøt og blod.
          
   
16 Når bogen syner seg i skyene,
          vil eg sjå han og koma i hug den evige pakta
          mellom Gud og kvar levande skapning,
          alt kjøt og blod på jorda.»
17 Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg opprettar mellom meg og alt kjøt og blod på jorda.»
Noah og sønene hans
18 Sønene til Noah som gjekk ut av arka, var Sem, Ham og Jafet. Ham var far til Kanaan. 19 Desse tre var sønene til Noah, og frå dei breidde menneska seg ut over heile jorda.
   
20 Noah tok til å dyrka jorda, og han planta ei vinmark. 21 Då han drakk av vinen, vart han full og kledde av seg inne i teltet sitt. 22 Ham, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han fortalde det til dei to brørne sine, som var ute. 23 Då tok Sem og Jafet ei kappe og la henne over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og dekte til den nakne far sin. Dei vende andletet bort så dei ikkje såg faren naken. 24 Då Noah vakna av rusen og fekk vita kva den yngste sonen hadde gjort mot han, 25 sa han:
          «Forbanna er Kanaan!
          For brørne sine skal han vera
          den lågaste av slavar!»
26 Og han sa:
          «Velsigna er Herren, Sems Gud!
          Kanaan skal vera hans slave!
          
   
27 Måtte Gud gjera plass for Jafet.
          Han skal bu i Sems telt,
          og Kanaan skal vera hans slave.»
28 Etter storflaumen levde Noah endå 350 år. 29 Heile Noahs levetid vart 950 samfulle år. Så døydde han.
1 Mos 9,4 viser til Apg 15,20-29
Note: liv … blod: uttrykkjer tanken om at livet er knytt til blodet. Jf. 3 Mos 17,11.14; 5 Mos 12,23.
1 Mos 9,9 viser til 1 Mos 6,18
Note: pakt: ▶pakt.
Note: Jafet: På hebr. er det eit ordspel mellom namnet Jafet og uttrykket «gjera plass».
Forrige kapittelNeste kapittel

03. desember 2021

Dagens bibelord

Hebreerne 6,13–20

Les i nettbibelen

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. ... Vis hele teksten

13Da Gud ga Abraham løftet, sverget han ved seg selv, for han hadde ingen større å sverge ved. 14Han sa: Sannelig, jeg vil velsigne deg rikt og gjøre din ætt uendelig tallrik. 15Og Abraham ventet tålmodig og fikk det Gud hadde lovet ham. 16Mennesker sverger jo ved en som er større, og eden er en stadfestelse som gjør slutt på alle innvendinger. 17Gud ville gjøre det helt klart for arvingene til løftet at hans beslutning var uforanderlig. Derfor gikk han også god for den med en ed. 18Med løfte og ed, to ting som ikke kan forandres – og Gud kan ikke lyve – skulle vi ha en mektig trøst, vi som har søkt tilflukt ved å gripe det håpet som ligger foran oss. 19Dette håpet er et trygt og fast anker for sjelen. Det når innenfor forhenget, 20dit Jesus gikk inn som forløper for oss, han som til evig tid er blitt øversteprest av samme slag som Melkisedek.