Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Brørne reiser til Egypt att
43Hungersnauda låg tungt over landet.  2 Då dei hadde brukt opp kornet dei henta i Egypt, sa far deira: «Dra av stad att og kjøp litt mat til oss!»  3 Men Juda svara: «Mannen åtvara oss og sa: De får ikkje tre fram for meg om ikkje bror dykkar er med dykk.  4 Dersom du sender bror vår med oss, skal vi dra ned og kjøpa mat til deg.  5 Men dersom du ikkje gjer det, dreg vi ikkje. For mannen sa til oss: De får ikkje tre fram for meg utan at bror dykkar er med dykk.»  6 Då sa Israel: «Kvifor gjorde de meg vondt og fortalde mannen at de har endå ein bror?»  7 Dei svara: «Mannen spurde oss nøye ut både om oss sjølve og om slekta vår. Han sa: Lever far dykkar enno? Har de nokon bror? Og vi svara på det han spurde om. Korleis kunne vi vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!»
   
 8 Då sa Juda til Israel, far sin: «Send guten med meg! Lat oss bryta opp og dra av stad, så vi kan leva og ikkje døy, både vi, du og borna våre.  9 Eg skal svara for han; frå mi hand kan du krevja han att. Kjem eg ikkje att med han og set han framfor deg, vil eg vera skuldig for deg heile mitt liv. 10 Hadde vi ikkje drygd så lenge, kunne vi no ha nådd fram og tilbake to gonger.»
   
11 Då sa Israel, far deira, til dei: «Er det ikkje anna råd, så gjer slik: Ta med i sekkene dykkar ei gåve til mannen, noko av det beste som finst i landet, litt balsam og litt honning, gummi og harpiks, pistasjnøtter og mandlar! 12 Og ta dobbelt så mange pengar med dykk, så de kan levera tilbake pengane de fekk att, dei som låg øvst i sekkene. Kanskje det var eit mistak. 13 Ta så bror dykkar, bryt opp og dra tilbake til mannen! 14 Måtte Gud, Den veldige, la dykk finna miskunn hos denne mannen, så han sender med dykk den andre bror dykkar og Benjamin. Skal eg bli barnlaus, så blir eg barnlaus.»
   
15 Så tok mennene med seg denne gåva, dobbelt så mange pengar, og Benjamin. Dei braut opp og drog ned til Egypt og steig fram for Josef. 16 Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til styraren for huset sitt: «Før desse mennene heim, slakt og stell til, for dei skal eta hos meg ved middagstid!» 17 Mannen gjorde som Josef sa. Han tok dei med inn i huset til Josef. 18 Men då dei vart førte inn i huset til Josef, vart dei redde. Dei sa: «Det er vel på grunn av pengane som vart lagde tilbake i sekkene våre førre gongen, at vi blir førte hit. No kan dei overfalla oss, kasta seg over oss, gjera oss til slavar og ta esla våre.» 19 Dei gjekk bort til styraren for Josefs hus og tala med han ved inngangen til huset. 20 «Orsak, herre», sa dei, «vi har vore her nede ein gong før og kjøpt mat. 21 Men då vi slo leir for natta og opna sekkene våre, fann kvar av oss pengane øvst i sekken, det var våre eigne pengar i si fulle vekt. No har vi dei med oss attende. 22 Vi har òg med oss meir pengar til å kjøpa mat for. Vi veit ikkje kven som la pengane i sekkene våre.» 23 Då sa han: «Fred vere med dykk, ver ikkje redde! Dykkar Gud, Gud til far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Pengane dykkar har eg fått.» Så førte han Simon ut til dei.
   
24 Sidan førte mannen dei inn i huset til Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og han gav fôr til esla deira. 25 Og dei gjorde gåva klar før Josef skulle koma ved middagstid, for dei hadde høyrt at dei skulle eta der. 26 Så kom Josef heim, og dei bar fram gåva dei hadde med seg inn i huset, og kasta seg til jorda for han. 27 Han spurde korleis det stod til med dei. Så sa han: «Står det bra til med den gamle far dykkar som de tala om? Lever han enno?» 28 «Ja», svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din, han lever enno.» Dei bøygde seg og kasta seg ned for han. 29 Då fekk han auge på Benjamin, bror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, han de fortalde meg om? Gud vere deg nådig, son min!» 30 Josef skunda seg bort, for kjærleiken til broren loga opp i han, så han måtte gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret. 31 Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han la band på seg og sa: «Set fram maten!» 32 Dei sette fram for han og for brørne og for egyptarane som åt hos han, kvar for seg. For egyptarane kunne ikkje eta i lag med hebrearane; det var noko avskyeleg for dei. 33 Brørne fekk sitja rett framfor Josef, den eldste øvst og den yngste nedst. Då såg dei på kvarandre og undrast. 34 Han lét dei få av rettene på sitt eige bord, og han lét Benjamin få fem gonger så mykje som dei andre. Og dei drakk seg fulle saman med han.
Forrige kapittelNeste kapittel

26. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romarane 2,1–11

Les i nettbibelen

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. ... Vis hele teksten

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11For Gud gjer ikkje forskjell på folk.