Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Abram vinn over fire kongar
14I dei dagane då Amrafel var konge i Sinear, Arjok konge i Ellasar, Kedor-Laomer konge i Elam og Tidal konge over Gojim,  2 førte dei krig mot Bera, kongen i Sodoma, Birsja, kongen i Gomorra, Sjinab, kongen i Adma, Sjemeber, kongen i Sebojim, og mot kongen i Bela, det som no er Soar.  3 Alle desse slo seg saman og drog til Siddim-dalen, det som no er Saltsjøen.
   
 4 I tolv år hadde dei tent Kedor-Laomer, men i det trettande året gjorde dei opprør.  5 I det fjortande året kom Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, og dei slo refaittane ved Asjterot-Karnajim, susittane ved Ham, emittane på Kirjatajim-sletta  6 og horittane i Se'ir-fjella heilt til El-Paran, som ligg like ved ørkenen.  7 Så snudde dei og kom til Domskjelda, det som no er Kadesj. Dei la under seg heile området til amalekittane. Dei slo òg amorittane som budde i Haseson-Tamar.
   
 8 Kongen i Sodoma drog ut saman med kongen i Gomorra, kongen i Adma, kongen i Sebojim og kongen i Bela, det som no er Soar. Og dei stilte opp til strid mot dei i Siddim-dalen,  9 mot Kedor-Laomer, kongen i Elam, Tidal, kongen over Gojim, Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar – fire kongar mot fem. 10 Men i Siddim-dalen var det fullt av jordbekgruver, og då kongane i Sodoma og Gomorra måtte rømma, fall dei ned i gruvene. Dei som var att, rømde til fjells. 11 Dei fire kongane tok alt av eigedom og matvarer i Sodoma og Gomorra og drog bort. 12 Og dei tok Lot, brorson til Abram, og alt det han eigde, og drog bort. Han budde i Sodoma.
   
13 Då kom ein som hadde sloppe unna, og fortalde dette til hebrearen Abram. Han heldt til ved eikelunden til amoritten Mamre, bror til Esjkol og Aner. Dei hadde ei pakt med Abram.
   
14 Då Abram fekk høyra at slektningen hans var teken til fange, mønstra han sine våpenføre menn, 318 menn fødde i hans hus, og sette etter heilt til Dan. 15 Om natta delte dei seg, han og mennene hans. Dei slo dei og forfølgde dei heilt til Hoba, som ligg nord for Damaskus. 16 Så tok han heile byttet med seg tilbake. Også Lot, slektningen sin, og alt han eigde, tok han tilbake, saman med kvinnene og folket.
Melkisedek velsignar Abram
17 Etter at han hadde slege Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, vende Abram attende. Då drog kongen i Sodoma ut for å møta han i Slettedalen, det som no er Kongsdalen. 18 Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest for Gud, Den høgste. 19 Han velsigna han og sa:
          «Velsigna er Abram av Gud, Den høgste,
          han som bar fram himmel og jord!
          
   
20 Velsigna er Gud, Den høgste,
          som har gjeve motstandarane dine i di hand!»
Så gav Abram han tiend av alt.
   
21 Kongen i Sodoma sa til Abram: «Gjev meg folket, og ta du byttet!» 22 Men Abram sa til kongen i Sodoma: «Eg lyfter handa opp mot Herren, mot Gud, Den høgste, han som bar fram himmel og jord: 23 Ikkje så mykje som ein tråd eller ei sandalreim vil eg ta av alt som er ditt. Du skal ikkje kunna seia: Eg har gjort Abram rik. 24 Eg vil berre ha att for det dei unge mennene har ete. Og mennene som var med meg, Aner, Esjkol og Mamre, må få sin del.»
Note: Saltsjøen: Daudehavet.
Note: Kongsdalen: truleg ein dal ikkje langt frå Jerusalem. Jf. 2 Sam 18,18.
1 Mos 14,18 viser til Sal 110,4, Hebr 7,11ff
Note: Melkisedek: konge og prest i Salem, Jerusalem. Jf. Sal 76,3. Namnet kan tyda « Sedek (rettferd) er konge» eller «rettferds konge». Gud, Den høgste: hebr. El eljon, kanaaneisk gudsnamn. Her brukt om den guden dei dyrka i Jerusalem, i v. 22 identifisert med Herren, Israels Gud.
Forrige kapittelNeste kapittel

18. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 12,13–21

Les i nettbibelen

13En i mengden sa til ham: «Mester, si til min bror at han skal skifte arven med meg!» 14Men Jesus svarte: «Venn, hvem har satt meg til å dømme eller skifte mellom dere?» ... Vis hele teksten

13En i mengden sa til ham: «Mester, si til min bror at han skal skifte arven med meg!» 14Men Jesus svarte: «Venn, hvem har satt meg til å dømme eller skifte mellom dere?» 15Og han sa til dem: «Ta dere i vare for all slags grådighet! For det er ikke det en eier, som gir liv, selv om en har overflod.» 16Så fortalte han dem en lignelse:«Det var en rik mann som hadde fått god avling av jorden, 17og han tenkte med seg selv: ‘Hva skal jeg gjøre? Jeg har ikke plass til avlingen min. 18Jo, dette vil jeg gjøre: Jeg river ned låvene og bygger dem større, og der samler jeg kornet og alt jeg ellers eier. 19Så skal jeg si til meg selv: Nå har du mye godt liggende, nok for mange år. Slå deg til ro, min sjel, spis, drikk og vær glad!’ 20Men Gud sa til ham: ‘Uforstandige menneske! I natt kreves din sjel tilbake. Hvem skal så ha det du har samlet?’ 21Slik går det med den som samler skatter til seg selv og ikke er rik i Gud.»