Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Tårnet i Babel
11Heile verda hadde same språk og same ord.  2 Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der.  3 Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med.  4 «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»
   
 5 Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde.  6 Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre.  7 Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!»  8 Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen.  9 Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.
Slekta til Sem
10 Dette er slektshistoria til Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen. 11 Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde Sem endå 500 år og fekk søner og døtrer.
   
12 Då Arpaksjad var 35 år, fekk han sonen Sjelah. 13 Og etter at han hadde fått Sjelah, levde Arpaksjad endå 403 år og fekk søner og døtrer.
   
14 Då Sjelah var 30 år, fekk han sonen Eber. 15 Og etter at han hadde fått Eber, levde Sjelah endå 403 år og fekk søner og døtrer.
   
16 Då Eber var 34 år, fekk han sonen Peleg. 17 Og etter at han hadde fått Peleg, levde Eber endå 430 år og fekk søner og døtrer.
   
18 Då Peleg var 30 år, fekk han sonen Re'u. 19 Og etter at han hadde fått Re'u, levde Peleg endå 209 år og fekk søner og døtrer.
   
20 Då Re'u var 32 år, fekk han sonen Serug. 21 Og etter at han hadde fått Serug, levde Re'u endå 207 år og fekk søner og døtrer.
   
22 Då Serug var 30 år, fekk han sonen Nahor. 23 Og etter at han hadde fått Nahor, levde Serug endå 200 år og fekk søner og døtrer.
   
24 Då Nahor var 29 år, fekk han sonen Tarah. 25 Og etter at han hadde fått Tarah, levde Nahor endå 119 år og fekk søner og døtrer.
   
26 Då Tarah var 70 år, fekk han sønene Abram, Nahor og Haran.
Tarahs slekt
27 Dette er slektshistoria til Tarah. Tarah fekk sønene Abram, Nahor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot. 28 Haran døydde hos Tarah, far sin, i fedrelandet sitt, Ur i Kaldea. 29 Abram og Nahor tok seg koner. Kona til Abram heitte Sarai. Kona til Nahor heitte Milka og var dotter til Haran, far til Milka og Jiska. 30 Sarai var barnlaus, ho kunne ikkje få born.
   
31 Tarah tok med seg sonen Abram og sonesonen Lot, son til Haran, og svigerdottera Sarai, kona til son hans, Abram. Saman forlét dei Ur i Kaldea for å dra til landet Kanaan. Men då dei kom til Harran, slo dei seg ned der. 32 Tarah levde i 205 år. Så døydde Tarah i Harran.
Note: Sinear: Sumer, den eldste høgkulturen i Mesopotamia. Jf. 10,10.
Note: jordbek: eit asfaltliknande stoff.
Note: eit tårn … til himmelen: Det veldige tempeltårnet i Babel kan vera ein bakgrunn for forteljinga.
Note: Babel: Namnet kan tyda «Guds port», men blir her knytt til eit hebr. ord som tyder «å skapa ugreie».
Note: Abram: Først i kap. 17 gjev Herren han namnet Abraham.
Note: Ur i Kaldea: gammalt kultursentrum i Mesopotamia.
Note: Sarai: Først i kap. 17 gjev Herren henne namnet Sara.
1 Mos 11,31 viser til 1 Mos 15,7, Jos 24,2, Neh 9,7
Note: Harran: viktig handelsby i det nordvestlege Mesopotamia, rett nord for der grensa mellom Syria og Tyrkia går i dag.
Forrige kapittelNeste kapittel

28. oktober 2021

Dagens Bibelord

2. Korintar 13,5–10

Les i nettbibelen

5Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. ... Vis hele teksten

5Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. 7Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt. Ikkje for å visa at vi har stått vår prøve, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje står vår prøve. 8For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga. 9Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det vi bed om, er at de må nå fram til stadig større mognad. 10Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal bli nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned.