Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Storflaumen
7Herren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For du er den einaste eg i denne tid har sett som er rettferdig for meg.  2 Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho saman, og av alle dyr som ikkje er reine, eitt par, hann og ho saman,  3 og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, for å halda kvar art på heile jorda i live.  4 For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og utrydda frå jorda alt som finst, alt eg har laga.»  5 Og Noah gjorde alt som Herren hadde pålagt han.  6 Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda.
   
 7 Så gjekk Noah inn i arka saman med sønene sine, kona og svigerdøtrene, for å koma unna vatnet frå storflaumen.  8 Av dei reine dyra og av dei som ikkje var reine, av fuglane og av alt som kryp på marka,  9 kom to og to inn til Noah i arka, hann og ho, slik Gud hadde pålagt Noah.
   
10 Og etter sju dagar hende det. Då kom vatnet frå storflaumen over jorda. 11 I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder i det store djupet fram, og himmelslusene opna seg. 12 Og det regna over jorda i førti dagar og førti netter. 13 Nett på denne dagen gjekk Noah og sønene Sem, Ham og Jafet inn i arka saman med kona til Noah og dei tre svigerdøtrene hans, 14 både dei og alle slag ville dyr, alt slag fe, alle slag kryp som det kryr av på jorda, og alle slag fuglar, alt som har venger til å flyga med. 15 Dei kom inn til Noah i arka, to og to av alt som er av kjøt og blod, alt som har livsande i seg. 16 Dei som kom, hann og ho av alt som er av kjøt og blod, gjekk inn slik Gud hadde pålagt Noah. Og Herren lèt att etter han.
   
17 Då kom storflaumen over jorda i førti dagar. Vatnet steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda. 18 Vatnet fløymde og steig høgt over jorda, og arka dreiv omkring på vatnet. 19 Veldig og mektig fløymde vatnet over jorda og gøymde alle høge fjell under himmelen. 20 Femten alner steig vatnet over fjella, og fjella vart gøymde.
   
21 Då omkom alt liv som det krydde av på jorda, både fugl og fe og ville dyr og alt myldrande kryp på jorda, og alle menneska. 22 Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde. 23 Han utsletta alt som fanst på jorda, frå folk til fe, kryp og fuglar under himmelen, alt vart utsletta frå jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att. 24 Og vatnet fløymde over jorda i 150 dagar.
Note: femten alner: ca. 7,5 m.
Forrige kapittelNeste kapittel

19. oktober 2021

Dagens Bibelord

Jakob 3,4–12

Les i nettbibelen

4Ja, selv store skip, som drives av sterke vinder, kan med et lite ror styres dit styrmannen vil. 5Slik er det også med tungen. Den er en liten kroppsdel, men kan skryte av sin store makt. Ja, en liten ild kan sette den største skog i brann! ... Vis hele teksten

4Ja, selv store skip, som drives av sterke vinder, kan med et lite ror styres dit styrmannen vil. 5Slik er det også med tungen. Den er en liten kroppsdel, men kan skryte av sin store makt. Ja, en liten ild kan sette den største skog i brann! 6Også tungen er en ild, en verden av ondskap blant våre lemmer. Den smitter hele kroppen og setter livshjulet i brann, og selv blir den satt i brann av helvete. 7Alt i naturen, både ville dyr og fugler, krypdyr og fisk, kan temmes og er blitt temmet av mennesket, som selv er en del av naturen. 8Men tungen makter ikke noe menneske å temme, skiftende og ond som den er, full av dødbringende gift. 9Med den lovpriser vi vår Herre og Far, og med den forbanner vi menneskene som er skapt i Guds bilde. 10Fra samme munn kommer det både lovprisning og forbannelse. Slik må det ikke være, mine søsken! 11Strømmer det vel friskt og bittert vann fra samme kilde? 12Mine søsken, kan vel et fikentre bære oliven eller en vinstokk bære fiken? Like lite kan en salt kilde gi friskt vann.