Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Josef og brørne hans
37Jakob vart buande i Kanaan, det landet far hans hadde budd i som innflyttar.  2 Dette er slektshistoria til Jakob.
        Då Josef var sytten år gammal, gjette han småfeet i lag med brørne sine. Som ung gut var han saman med sønene til Bilha og Silpa, konene til faren. Og alt det vonde han høyrde om dei, gjekk han til faren med.
 3 Israel elska Josef meir enn alle dei andre sønene, for han hadde fått han på sine gamle dagar. Han laga ein forseggjord kjortel til han.  4 Men då brørne såg at far deira heldt meir av han enn av alle dei andre, la dei han for hat og kunne ikkje seia eit venleg ord til han.
   
 5 Ein gong hadde Josef ein draum. Den fortalde han brørne sine. Då hata dei han endå meir.  6 Han sa til dei: «Høyr kva eg har drøymt!  7 Sjå, vi var ute på åkeren og batt kornband, og kornbandet mitt reiste seg og vart ståande, medan kornbanda dykkar stilte seg rundt mitt og bøygde seg for det.»  8 Då sa brørne til han: «Skal du vera konge over oss? Skal du rå over oss?» Så hata dei han endå meir for draumane hans og for det han sa.  9 Josef hadde endå ein draum og fortalde han til brørne sine. «No har eg hatt endå ein draum», sa han. «Sjå, sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.» 10 Då han fortalde draumen til faren og brørne, irettesette faren han og sa: «Kva slag draum er det du har hatt? Skulle eg og mor di og brørne dine verkeleg koma og bøya oss til jorda for deg?» 11 Brørne var misunnelege, men faren merka seg det han hadde sagt.
   
12 Ein gong var brørne hans ute og gjette småfeet til faren ved Sikem. 13 Då sa Israel til Josef: «Brørne dine gjeter ved Sikem. Kom, eg vil senda deg til dei.» Han svara: «Her er eg.» 14 Då sa far hans: «Gå no og sjå korleis det står til med brørne dine og med småfeet. Kom så og sei meg det!» Så sende faren han i veg frå Hebron-dalen, og han kom til Sikem.
   
15 Ein mann trefte på han medan han flakka omkring på marka. «Kva leitar du etter?» spurde mannen. 16 «Eg leitar etter brørne mine», svara han. «Kan du seia meg kvar dei gjeter?» 17 Mannen sa: «Dei er farne herifrå, for eg høyrde at dei sa: Kom, vi dreg til Dotan!» Då gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan. 18 Dei såg han på lang avstand, og før han kom fram, la dei planar om å ta livet hans. 19 Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren. 20 Kom, vi drep han! Vi kastar han i ein av brønnane og seier at eit rovdyr har ete han opp. Så skal vi sjå kva det blir av draumane hans.»
   
21 Men då Ruben høyrde det, ville han berga han frå dei. Han sa: «Vi må ikkje slå han i hel!» 22 Så sa Ruben til dei: «Lat det ikkje renna blod! Kast han ned i denne brønnen her i ørkenen, men legg ikkje hand på han.» Dette sa han for å berga han frå dei og ta han med attende til far hans. 23 Då Josef kom fram til brørne sine, reiv dei av han den fine kjortelen han hadde på seg. 24 Så tok dei og kasta han i brønnen. Brønnen var tom, det fanst ikkje vatn der.
   
25 Så sette dei seg og ville eta. Då dei såg opp, fekk dei auge på ein karavane med ismaelittar som kom frå Gilead. Kamelane bar gummi, balsam og harpiks som dei skulle føra ned til Egypt. 26 Då sa Juda til brørne sine: «Kva har vi att for å drepa bror vår og dekkja over blodet hans? 27 Kom, så sel vi han til ismaelittane. Lat oss ikkje leggja hand på han, for han er bror vår, vårt eige kjøt.» Og brørne lydde han. 28 Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp frå brønnen. Dei selde Josef for tjue sjekel sølv til ismaelittane. Og dei tok han med seg til Egypt.
   
29 Då Ruben kom til brønnen igjen og fekk sjå at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine. 30 Han gjekk tilbake til brørne og sa: «Guten er borte. Kvar skal eg no gjera av meg?»
   
31 Då tok dei kjortelen til Josef, slakta ein geitebukk og dyppa kjortelen i blodet. 32 Den fine kjortelen sende dei til faren og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det ikkje er kjortelen til son din.» 33 Han såg etter og sa: «Det er kjortelen til son min. Eit rovdyr har ete han opp, Josef har vorte ihelriven!» 34 Og Jakob reiv sund kleda sine, batt sekkestrie kring hoftene og sørgde over son sin i lange tider. 35 Alle sønene og døtrene kom og ville trøysta han, men han var ikkje til å trøysta. «Med sorg skal eg fara ned til son min i dødsriket», sa han. Og faren gret over son sin.
   
36 Men midjanittane selde Josef i Egypt, til Potifar, som var hoffmann hos farao og sjef for livvakta.
Note: Dotan: stad ca. 25 km nord for Sikem.
1 Mos 37,28 viser til 1 Mos 39,1, Sal 105,17, Apg 7,9
Note: kjøpmenn frå Midjan, ismaelittane: kanskje same gruppa. Jf. Dom 8,22–24. 20 sjekel: ca. 228 g.
Note: reiv han sund kleda: teikn på sorg eller audmjuking, jf. v. 34. ▶sørgjeskikkar.
Note: sekkestrie: grov tekstil av dyrehår, eit ytre teikn på sorg eller anger, jf. v. 29.
Forrige kapittelNeste kapittel

18. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 12,13–21

Les i nettbibelen

13En i mengden sa til ham: «Mester, si til min bror at han skal skifte arven med meg!» 14Men Jesus svarte: «Venn, hvem har satt meg til å dømme eller skifte mellom dere?» ... Vis hele teksten

13En i mengden sa til ham: «Mester, si til min bror at han skal skifte arven med meg!» 14Men Jesus svarte: «Venn, hvem har satt meg til å dømme eller skifte mellom dere?» 15Og han sa til dem: «Ta dere i vare for all slags grådighet! For det er ikke det en eier, som gir liv, selv om en har overflod.» 16Så fortalte han dem en lignelse:«Det var en rik mann som hadde fått god avling av jorden, 17og han tenkte med seg selv: ‘Hva skal jeg gjøre? Jeg har ikke plass til avlingen min. 18Jo, dette vil jeg gjøre: Jeg river ned låvene og bygger dem større, og der samler jeg kornet og alt jeg ellers eier. 19Så skal jeg si til meg selv: Nå har du mye godt liggende, nok for mange år. Slå deg til ro, min sjel, spis, drikk og vær glad!’ 20Men Gud sa til ham: ‘Uforstandige menneske! I natt kreves din sjel tilbake. Hvem skal så ha det du har samlet?’ 21Slik går det med den som samler skatter til seg selv og ikke er rik i Gud.»