Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Abraham kjøper gravstad ved Hebron
23Sara vart 127 år gammal; så lenge levde ho.  2 Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron i Kanaan, og Abraham kom for å sørgja og gråta over henne.  3 Så reiste han seg, gjekk bort frå den døde og sa til hetittane:  4 «Eg er innflyttar og framand blant dykk. Lat meg få kjøpa eit stykke jord hos dykk til gravstad, så eg kan bera ut henne som er død, og gravleggja henne.»  5 Hetittane svara Abraham:  6 «Høyr på oss, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. Legg den døde i den beste av gravstadene våre. Ingen av oss skal nekta deg gravstaden sin når du skal gravleggja den døde.»
   
 7 Då reiste Abraham seg og bøygde seg for hetittane, folket i landet.  8 Han sa til dei: «Er det dykkar vilje at eg ber ut henne som er død, og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hos Efron, son til Sohar,  9 så han lèt meg få Makpela-hòla, som høyrer han til og ligg i utkanten av marka hans. Han skal få full pris om han lèt meg kjøpa jordstykket til gravstad hos dykk.»
   
10 No sat Efron der mellom hetittane, og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten: 11 «Nei, herre, høyr på meg! Eg gjev deg marka, og hòla som er der, gjev eg deg òg. For auga på folket mitt lèt eg deg få det. Gravlegg du den døde!»
   
12 Då bøygde Abraham seg for folket i landet 13 og sa til Efron så folket høyrde det: «Berre du ville høyra på meg! Ta imot pengane eg vil gje deg for marka! Så kan eg gravleggja den døde der.» 14 Efron svara Abraham: 15 «Herre, høyr på meg! Eit jordstykke som er verdt 400 sjekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg du den døde!» 16 Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt for hetittane, 400 sjekel, av det slaget dei bruker i handel.
   
17 Det vart stadfest at Efrons mark, som ligg ved Makpela, aust for Mamre, både jordet og hòla og alle trea på jordet, så langt det rakk, 18 skulle høyra Abraham til som hans eigedom. Dette hende for auga på alle hetittane som var komne til byporten. 19 Etter dette gravla Abraham Sara, kona si, i hòla på Makpela-marka aust for Mamre, det er Hebron, i Kanaan. 20 Såleis vart det stadfest at marka og hòla der skulle høyra Abraham til som gravstad, kjøpt frå hetittane.
Note: byporten: var òg ein møtestad for samråd og rettsforhandlingar. Jf. Rut 4,1ff.
Note: 400 sjekel: ca. 4,5 kg.
Forrige kapittelNeste kapittel

16. oktober 2021

Dagens Bibelord

Jeremia 29,4–7

Les i nettbibelen

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! ... Vis hele teksten

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! 6Ta dykk koner og få søner og døtrer! Ta koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. Der skal de bli fleire og ikkje færre. 7De skal fremja fred for den byen eg har ført dykk til i eksil, og de skal be til Herren for han! For når han har fred, har de òg fred.