Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Jakob møter Esau
33Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene.  2 Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist.  3 Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin.  4 Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret.  5 Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.»  6 Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda.  7 Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.
   
 8 Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han.  9 Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!» 10 «Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg. 11 Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.
   
12 Då sa Esau: «Lat oss bryta opp og dra vidare, så skal eg dra rett framanfor deg.» 13 Men Jakob svara: «Min herre veit at borna er veike, og eg må tenkja på småfeet og storfeet som gjev mjølk. Driv ein dei for hardt berre éin dag, døyr alt småfeet. 14 Vil ikkje herren min dra i førevegen for tenaren sin? Så kan eg følgja sakte etter, med ein fart som høver for buskapen og borna, til eg er framme hos deg i Se'ir.» 15 Då sa Esau: «Gjev meg lov til å la nokre av mennene mine vera att hos deg.» Men han svara: «Kvifor det? Det er nok at min herre ser på meg med velvilje.»
   
16 Same dagen snudde Esau om og drog til Se'ir. 17 Jakob drog til Sukkot og bygde seg eit hus der. Han laga lauvhytter til buskapen sin, difor kalla han staden Sukkot.
   
18 Jakob kom vel fram til byen Sikem, som er i landet i Kanaan, då han kom frå Paddan-Aram. Han slo leir utanfor byen. 19 Jordstykket der han hadde sett opp teltet sitt, kjøpte han for hundre kesita av sønene til Hamor, far til Sikem. 20 Der reiste han eit altar og kalla det El-Elohe-Israel.
1 Mos 33,10 viser til 1 Mos 32,13ff
Note: Guds eige andlet: ei minning om stadnamnet Peniel. >32,30.
Note: Sukkot: hebr. for «lauvhytter», stad aust for Jordan.
Note: kesita: betalingsmiddel med ukjend verdi og vekt.
Note: El-Elohe-Israel: tyder «Israels Gud er Gud».
Forrige kapittelNeste kapittel

26. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romarane 2,1–11

Les i nettbibelen

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. ... Vis hele teksten

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11For Gud gjer ikkje forskjell på folk.