Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Hosea

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Forrige kapittelNeste kapittel

Herrens klagemål mot eit trulaust folk
4Høyr Herrens ord, de Israels born!
           Herren fører sak mot dei som bur i landet.
          For det er ingen truskap og ingen kjærleik
          og ingen kjennskap til Gud i landet.
          
   
 2 Forbanning og løgn og drap og tjuveri
          og ekteskapsbrot breier om seg,
          med blod følgjer meir blod.
          
   
 3 Difor skal landet sørgja,
          og kvar den som bur der, skal tørka bort
          saman med dyra på marka og fuglane under himmelen,
          sjølv fiskane i havet skal utryddast.
          
   
 4 Men ingen må føra sak eller gå i rette med nokon.
          Folket ditt liknar slike som fører sak mot ein prest.
          
   
 5 Du skal snubla om dagen,
          og sjølv profeten skal snubla
          saman med deg om natta,
          og mor di gjer eg ende på.
          
   
 6 Folket mitt skal gå til grunne
          av mangel på kunnskap.
          Sidan du har vraka kunnskapen,
          vrakar eg deg som min prest.
          Du gløymde din Guds lov,
          difor gløymer eg òg dine born.
          
   
 7 Jo fleire dei vart,
          dess meir synda dei mot meg,
          deira ære skal eg byta ut med skam.
          
   
 8 Dei lever av mitt folks synd
          og lengtar etter deira skuld.
          
   
 9 Difor skal det gå med presten som med folket,
          eg vil straffa han for hans ferd
          og gjengjelda det han har gjort.
          
   
10 Dei skal eta og ikkje bli mette,
          hora og ikkje bli mange.
           Herren har dei forlate
          for å gje seg over til
   
11 hor,
          gammal og ny vin
          tek over hjartet.
          
   
12 Folket mitt spør sitt tre til råds
          og får svar av sin stokk.
          For ei horeånd har ført dei vill,
          dei har hora seg bort frå sin Gud.
          
   
13 På fjelltoppane ofrar dei,
          på haugane tenner dei offereld
          under eiker, poplar og terebinter,
          for skuggen av dei er god.
          Difor driv døtrene dykkar hor,
          og svigerdøtrene bryt ekteskapet.
          
   
14 Eg vil ikkje straffa døtrene dykkar
          fordi dei driv hor,
          eller svigerdøtrene fordi dei bryt ekteskapet,
          for mennene går avsides med horer
          og ofrar saman med tempelprostituerte kvinner.
          Eit folk utan innsikt vil falla.
          
   
15 Sjølv om du driv hor, Israel,
          må ikkje Juda føra skuld over seg!
          Gå ikkje til Gilgal,
          dra ikkje opp til Bet-Aven
          og sver ikkje: «Så sant Herren lever!»
          
   
16 For Israel er trassig
          som ei trassig ku.
          No skal Herren gjeta dei
          som lam i ope lende.
          
   
17 Efraim er bunden til gudebilete,
          lat han vera!
          
   
18 Når drikkinga deira er over,
          horar dei vidare.
          Dei elskar vilt.
          Skam er skjolda hennar.
          
   
19 Ein vind skal gripa henne med sine venger,
          dei skal bli til skamme med sine offer.
Hos 4,1 viser til Jes 1,18, Jes 3,13f, Mi 6,1ff
Note: fører sak: Profetane nytta ofte bilete frå rettsstellet. Jf. Jes 3,13ff; Mi 6,1ff. kjennskap til Gud: eit hovudomgrep hos Hosea. Jf. 4,6; 5,4; 6,3.6. Kjennskap til Gud ber i seg samfunn med han og ei livsføring etter hans vilje.
Hos 4,6 viser til 1 Sam 15,26
Note: kunnskap: Det same hebr. ordet er i 4,1 omsett «kjennskap».
Note: synd: Ordet blir òg nytta i tydinga «syndoffer». Jf. 3 Mos 4.
Hos 4,9 viser til Jes 24,2
Hos 4,12 viser til Hos 5,4
Note: tre: Asjera-påle.
Hos 4,15 viser til Hos 9,15, Hos 10,5-15, Am 5,5, Sef 1,5
Note: Bet-Aven: >Jos 7,2.
Note: Efraim: >Jes 7,2.
Note: Tydinga av den hebr. teksten er usikker.
Forrige kapittelNeste kapittel

16. oktober 2021

Dagens Bibelord

Jeremia 29,4–7

Les i nettbibelen

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! ... Vis hele teksten

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! 6Ta dykk koner og få søner og døtrer! Ta koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. Der skal de bli fleire og ikkje færre. 7De skal fremja fred for den byen eg har ført dykk til i eksil, og de skal be til Herren for han! For når han har fred, har de òg fred.