Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Hosea

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Forrige kapittelNeste kapittel
2De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn».
Rettssak mot eit trulaust folk
     2 Før sak mot mor dykkar, før sak!
          For ho er ikkje kona mi,
          og eg er ikkje mannen hennar.
          Ho skal fjerna kvart horeteikn frå andletet,
          ta bort kvart utruskapsteikn mellom brysta!
          
   
 3 Elles skal eg kle av henne
          så ho står der like naken
          som den dagen ho vart fødd.
          Eg vil la henne bli som ein ørken,
          gjera henne lik eit tørt land
          og la henne døy av tørste.
          
   
 4 Borna hennar vil eg ikkje visa miskunn,
          for dei er horeborn.
          
   
 5 For mor deira dreiv hor,
          ho som fødde dei, førte skam over seg sjølv.
          Ho sa: «Eg vil gå etter elskarane mine,
          dei som gjev meg brød og vatn,
          ull og lin, olje og vin.»
          
   
 6 Difor vil eg stengja
          vegen for henne med tornar.
          Eg murar ein mur rundt henne
          så ho ikkje finn stigane sine.
          
   
 7 Når ho spring etter elskarane sine,
          skal ho ikkje nå dei att,
          når ho leitar etter dei,
          skal ho ikkje finna dei.
          Då skal ho seia: «Eg vil gå tilbake
          til den første mannen min,
          for eg hadde det betre då enn no.»
          
   
 8 Ho skjøna ikkje at det var eg
          som gav henne korn, ny vin og fin olje
          og mengder av sølv og gull,
          som dei brukte til Baal.
          
   
 9 Difor vil eg ta att
          kornet mitt når tida er inne,
          den nye vinen når tida kjem.
          Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,
          som skulle løyna hennar nakne kropp.
          
   
10 No vil eg visa fram kjønnet hennar
          for auga på elskarane hennar,
          og ingen skal berga henne ut av mi hand.
          
   
11 Eg gjer ende på all hennar glede,
          festane, nymånedagane og sabbatsdagane,
          alle høgtidene hennar.
          
   
12 Eg øydelegg vinstokkane og fikentrea hennar.
          Om dei har ho sagt:
          «Dei er betaling eg fekk frå elskarane mine.»
          Eg gjer dei til krattskog,
          og villdyr skal eta dei.
          
   
13 Eg vil straffa henne for dei dagane
          då ho tende offereld for Baal-gudane,
          pynta seg med ringar og smykke
          og gjekk etter elskarane sine,
          men gløymde meg,
          seier Herren.

Gud tek Israel til nåde att
14 Difor vil eg lokka henne, føra henne ut i ørkenen og tala til hjartet hennar. 15 Der vil eg gje henne vingardane tilbake, og Akor-dalen skal bli ein port til von. Der skal ho svara som i ungdomsdagane, som då ho drog opp frå Egypt.
   
16 Og den dagen, seier Herren, skal ho kalla meg «Min mann». Ho skal ikkje lenger kalla meg «Min Baal». 17 Eg vil fjerna Baal-namna frå munnen hennar, dei skal ikkje nemnast med namn meir.
        
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med villdyra på marka, fuglane under himmelen og krypet på jorda. Boge, sverd og krigsvåpen vil eg bryta sund og utrydda frå landet, og eg vil la dei bu trygt.
   
19 Eg vil binda meg til deg for alltid. Eg vil binda meg til deg i rettferd og rett, i kjærleik og miskunn. 20 Eg vil binda meg til deg i truskap, og du skal kjenna Herren.
   
21 Den dagen vil eg svara, seier Herren, eg vil svara himmelen, og han skal svara jorda. 22 Jorda skal svara kornet, den nye vinen og den fine oljen, og dei skal svara Jisreel.
   
23 Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»
Hos 2,2 viser til Hos 4,5
Hos 2,5 viser til Mi 1,7
Note: elskarane mine: andre gudar, som Israel dyrka når dei fall frå Herren. Jf. v. 8 og 13.
Hos 2,8 viser til Esek 16,19
Note: Baal: «herre, eigar», oftast namn på den kanaaneiske hovudguden, som kunne vera representert ved ein støypt skulptur. Ordet kan òg tyda «ektemann», og denne doble tydinga er utnytta i v. 16. ▶framande gudar.
Note: nymånedagane: ▶festar og høgtider.
Hos 2,13 viser til Jes 17,10+
Note: Akor-dalen: >Jos 7,24.
Note: Jisreel: >1,4.
Hos 2,23 viser til Rom 9,25, 1 Pet 2,10
Note: så … ut: Det hebr. uttrykket spelar på namnet Jisreel. >1,4. Lo Ruhamá, Lo Ammí: Jf. 1,6.9.
Forrige kapittelNeste kapittel

16. oktober 2021

Dagens Bibelord

Jeremia 29,4–7

Les i nettbibelen

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! ... Vis hele teksten

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! 6Ta dykk koner og få søner og døtrer! Ta koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. Der skal de bli fleire og ikkje færre. 7De skal fremja fred for den byen eg har ført dykk til i eksil, og de skal be til Herren for han! For når han har fred, har de òg fred.