Nyhet! Tidslinjen - 52 gjenfortalte bibelfortellinger med illustrasjoner og lyd.

Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

16. september 2021

Dagens Bibelord

Esekiel 37,1–14

Les i nettbibelen

1Herrens hand kom over meg. Ved Herrens ande førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av knoklar. 2Han førte meg omkring mellom dei. Sjå, det låg ei stor mengd med knoklar utover dalen, og dei var heilt tørre. ... Vis hele teksten

1Herrens hand kom over meg. Ved Herrens ande førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av knoklar. 2Han førte meg omkring mellom dei. Sjå, det låg ei stor mengd med knoklar utover dalen, og dei var heilt tørre. 3Då sa han til meg: «Menneske, kan desse knoklane bli levande att?» Eg svara: «Min Herre og Gud, det veit berre du.» 4Han sa: «Tal profetord over desse knoklane og sei til dei: Tørre knoklar, høyr Herrens ord! 5Så seier Herren Gud til desse knoklane: Sjå! Eg lèt det koma ånd i dykk, så de blir levande. 6Eg fester sener på dykk, legg kjøt på, dreg hud over og gjev dykk andedrag så de blir levande. Då skal de kjenna at eg er Herren.» 7Eg tala profetord, som eg hadde fått bod om. Sjå, eg profeterte, og det tok til å buldra og skjelva. Knoklane la seg inn mot kvarandre, knokkel mot knokkel. 8Eg såg, og sjå! – det kom sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over. Men ånd mangla dei. 9Då sa han til meg: «Tal profetord til ånda! Menneske, tal profetisk og sei til ånda: Så seier Herren Gud: Kom, ånd, frå dei fire vindretningane og blås på desse drepne så det kjem liv i dei.» 10Eg tala profetord, som han hadde bode meg. Då kom det ånd i dei, så dei vart levande. Dei reiste seg opp og stod på føtene. Det var ein umåteleg stor hær. 11Så sa han til meg: Menneske, desse knoklane er heile Israelsfolket. Høyr kva dei seier: «Våre knoklar har tørka inn, vår von er knust. Det er ute med oss!» 12Tal difor profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13Mitt folk, de skal kjenna at eg er Herren når eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav! 14Eg gjev dykk mi ånd, så de blir levande, og lèt dykk finna kvile i dykkar eige land. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, seier Herren.