Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til romarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Frelse for heidningane – frelse for Israel
11No spør eg: Har Gud støytt ifrå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins stamme.  2 Gud har ikkje støytt ifrå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med skuldingar mot Israel?  3 «Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»  4 Men korleis lyder det guddomlege svaret han får? « Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygd kne for Baal.»  5 På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut.  6 Men er det av nåde, då er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden lenger nåde.  7 Kva så? Det Israel søkjer, har dei ikkje oppnådd, men dei utvalde har oppnådd det. Dei andre har vorte forherda,  8 som det står skrive:
           Gud har gjeve dei ei sløv ånd,
           auge som ikkje ser, og øyre som ikkje høyrer,
           heilt til denne dag.
 9 Og David seier:
           Lat bordet deira bli ei snare og ei felle,
           ein snublestokk og ei straff for dei.
          
   
10  Lat auga deira formørkjast
           så dei ikkje kan sjå,
           og lat ryggen deira for alltid vera bøygd.
11 Så spør eg: Snubla dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane bli misunnelege på dei. 12 Når deira fall har ført til rikdom for verda, og deira tap har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal?
   
13 No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt, 14 i håp om at eg kan eggja til misunning dei som er mitt eige kjøt og blod, og frelsa nokre av dei. 15 Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død! 16 Er det første brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. 17 Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. 18 Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg. 19 No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne podast inn.» 20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du blir ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud! 21 Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.
   
22 Sjå då kor god Gud er, og kor streng – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til han som er god. Elles blir du òg avhoggen. 23 Men dei andre òg skal bli innpoda, om dei då ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å poda dei inn att. 24 Du vart hoggen av frå eit vilt oliventre og mot naturen innpoda på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje då dei naturlege greinene podast inn att i sitt eige oliventre?
   
25 Eg vil ikkje at de skal vera uvitande om denne løyndomen, sysken, så de har for høge tankar om dykk sjølve: For ein del av Israel har vorte forherda, heilt til heidningane er komne inn i fullt tal. 26 På den måten skal heile Israel bli frelst, som det står skrive:
           Frå Sion skal redningsmannen koma,
           han skal rydda gudløysa bort frå Jakob.
          
   
27  Dette er mi pakt med dei
           når eg tek bort syndene deira.
28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, slik at de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. 30 De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31 På same vis har dei no vore ulydige, for at den miskunn de har fått, skal føra til at dei òg no får miskunn. 32 Gud lét alle vera ulydige, så han kunne miskunna seg over alle.
          
   
33 Å, for eit djup av rikdom
          og visdom og kunnskap hos Gud!
          Kor uransakelege hans dommar er,
          og kor ufattelege hans vegar!
          
   
34  Kven kjende Herrens sinn,
           eller kven var rådgjevaren hans?
          
   
35  Kven gav han noko først
           så han skulle få vederlag?
          
   
36 Av han og ved han og til han er alle ting.
          Han vere ære i all æve! Amen.
Rom 11,4 viser til 1 Kong 19,18
Note: Baal: viktig kanaaneisk avlings- og livsgud, som òg er tore- og krigsgud. ▶framande gudar.
Rom 11,9 viser til Sal 69,23f
Note: at dei vart vraka: kan òg omsetjast «at dei vraka», nemleg Kristus. at dei blir godtekne: kan òg omsetjast «at dei godtek», nemleg Kristus.
Rom 11,16 viser til 4 Mos 15,17-21
Note: det første brødet: det same gr. ordet er òg omsett «den første frukta». >8,23.
Rom 11,26 viser til Jes 27,9, Jes 59,20f, Jer 31,33f
Note: På den måten: kan òg omsetjast «så» eller «deretter».
Forrige kapittelNeste kapittel

25. oktober 2021

Dagens Bibelord

Salmane 119,105–109

Les i nettbibelen

105נ Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. 106Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover. 107Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt! 108Herre, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover! ... Vis hele teksten

105נ Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. 106Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover. 107Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt! 108Herre, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover! 109Eg går alltid med livet i hendene, men gløymer ikkje di lov.