Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til galatarane

1 2 3 4 5 6

Forrige kapittelNeste kapittel

Kristen fridom
5Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket.  2 Høyr kva eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil ikkje Kristus vera til noka hjelp for dykk.  3 På nytt slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova.  4 De som vil bli rettferdige ved lova, er skilde frå Kristus; de er falne ut av nåden.  5 Men vi ventar i Anden, ved tru, på den rettferda som er vår von.  6 For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.  7 De var komne godt i gang med løpet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga?  8 Kven har overtala dykk? Ikkje han som kalla dykk!  9 Litt surdeig gjennomsyrar heile deigen. 10 Men i Herren har eg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg gjer. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er. 11 Men om det er så, sysken, at eg enno forkynner omskjering, kvifor blir eg då forfølgd? Då er ikkje krossen ein snublestein lenger. 12 Må dei berre skjera av seg alt saman, dei som spreier uro mellom dykk!
   
13 De er kalla til fridom, sysken. Lat berre ikkje fridomen bli eit påskot til å gjera det kjøtet vil, men ten kvarandre i kjærleik. 14 For heile lova er oppfylt i dette eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv. 15 Men når de bit og glefser etter kvarandre, så pass på at de ikkje et kvarandre opp!
Livet i Anden
16 Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då følgjer de ikkje dei vonde lystene i dykkar kjøt og blod. 17 For det kjøtet vil, står Anden imot, og det Anden vil, står kjøtet imot. Dei to ligg i strid med kvarandre, så de ikkje kan gjera det de vil. 18 Men blir de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. 19 Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd, 20 avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar, 21 misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike. 22 Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, 23 audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot! 24 Dei som høyrer Kristus til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og dei vonde lystene. 25 Lever vi ved Anden, så lat oss òg vandra i Anden. 26 Lat oss ikkje vera drivne av æresjuke så vi utfordrar og misunner kvarandre.
Gal 5,2 viser til Gal 2,21
Gal 5,3 viser til Gal 3,10
Gal 5,9 viser til 1 Kor 5,6
Note: Litt surdeig: Når ein baka, tok ein vare på ein liten klump av den gjæra deigen (surdeig). Neste gong ein skulle baka, knadde ein klumpen inn i den nye deigen for å få han til å heva seg.
Gal 5,10 viser til Gal 1,6f
Note: skjera av seg alt saman: Uttrykket blir brukt om kastrering. >Matt 19,12.
Gal 5,13 viser til Rom 6,18-22, 1 Kor 8,9, Gal 5,16, 1 Pet 2,16
Note: kjøtet: ▶kjøt, kjøt og blod.
Gal 5,19 viser til Matt 15,19, Rom 1,29ff, Rom 13,13, 1 Kor 5,10f, 1 Kor 6,9f, 2 Kor 12,20, Ef 5,3ff, Kol 3,5ff, 1 Tim 1,9f, 2 Tim 3,2ff
Note: Versa inneheld ein lastekatalog, ei opplisting av haldningar og handlingar som strider mot kristen tru og liv. ▶katalogar.
Gal 5,22 viser til Ef 5,9
Note: Versa inneheld ein dygdekatalog. ▶katalogar.
Gal 5,26 viser til Fil 2,3
Forrige kapittelNeste kapittel

24. oktober 2021

Dagens Bibelord

Johannes 12,35–36

Les i nettbibelen

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. ... Vis hele teksten

35Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.