Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24

Forrige kapittelNeste kapittel

Peters fiskefangst
5Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaretsjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord.  2 Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde stige ut av dei og heldt på å skylja garna.  3 Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folket frå båten.
   
 4 Då han hadde tala ferdig, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk.»  5 «Meister», svara Simon, «vi har streva i heile natt og ikkje fått noko. Men på ditt ord vil eg setja garna.»  6 Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at garna heldt på å rivna.  7 Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk.  8 Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.»  9 For både han og alle som var med han, vart fulle av otte og undring over fiskefangsten dei hadde fått. 10 Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.» 11 Så rodde dei båtane i land, gjekk frå alt og følgde han.
Den spedalske mannen
12 Ein gong han var i ein av byane, kom ein spedalsk mann, full av sår. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.» 13 Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same var sjukdomen borte. 14 Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Men gå og vis deg for presten», sa han, «og ber fram eit offer for reinsinga di, slik som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.» 15 Men ordet om han spreidde seg berre endå vidare, og folk kom i flokk og følgje for å høyra på han og bli lækte for sjukdomane sine. 16 Men sjølv trekte han seg ofte tilbake til aude stader og var der og bad.
Den lamme mannen
17 Ein dag heldt han på og underviste, og der sat farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja. 18 Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus, 19 men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides takstein og firte han ned på båra, beint framfor Jesus. 20 Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.» 21 Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein? Han spottar Gud. Kven andre kan tilgje synder enn Gud åleine?» 22 Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de går med i hjartet? 23 Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er deg tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’? 24 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no tala han til den lamme – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» 25 Og med ein gong reiste mannen seg midt for auga deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud. 26 Då vart dei alle heilt frå seg av undring og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting!»
Jesus kallar Levi
27 Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» 28 Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus.
Fest og faste
29 Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei. 30 Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» 31 Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. 32 Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»
   
33 Så sa dei til han: «Læresveinane til Johannes fastar ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane til farisearane, men dine et og drikk.» 34 «Kan de få bryllaupsgjestene til å fasta medan brudgomen er hos dei?» svara Jesus. 35 «Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og når dei dagane kjem, då skal dei fasta.»
   
36 Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt klesplagg og bruker det til bot på eit gammalt. For då blir det nye klesplagget sundrive, og bota frå det nye passar ikkje på det gamle. 37 Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. 38 Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker. 39 Og ingen som har drukke gammal vin, har lyst på ny. Han vil seia at den gamle er best.»
Note: Gennesaretsjøen: innsjø som andre stader blir kalla Galileasjøen (Matt 4,18; 15,29; Mark 1,16; 7,31; Joh 6,1) eller Tiberiassjøen (Joh 6,1; 21,1).
Note: Gennesaretsjøen: innsjø som andre stader blir kalla Galileasjøen (Matt 4,18; 15,29; Mark 1,16; 7,31; Joh 6,1) eller Tiberiassjøen (Joh 6,1; 21,1).
Note: garna: Nota som vart kasta frå båt, var sett saman av tre garn, kvart på opptil 15 m. ▶fiske.
Luk 5,3 viser til Mark 3,9
Luk 5,4 viser til Joh 21,6
Note: Meister: «lærar», tittel nytta om jødiske lovlærarar.
Note: spedalsk: Ordet viser til ein hudsjukdom. ▶sjukdom.
Note: spedalsk: Ordet viser til ein hudsjukdom. ▶sjukdom.
Luk 5,16 viser til Luk 4,42+
Note: farisearar: ▶retningar innanfor jødedomen. lovlærarar: svarar til «skriftlærde» (v. 21) og «lovkunnige» (7,30), i dette tilfellet ein del av fariseargruppa.
Note: farisearar: ▶retningar innanfor jødedomen. lovlærarar: svarar til «skriftlærde» (v. 21) og «lovkunnige» (7,30), i dette tilfellet ein del av fariseargruppa.
Note: takstein: Det flate taket vart halde oppe av takbjelkar. Mellomrommet var fylt med flettverk av kvist og dekt med ei blanding av leire og strå. I romerske hus var det dessutan vanleg med takstein av brend leire.
Luk 5,21 viser til Sal 103,3, Jes 43,25, 1 Joh 1,9
Note: skriftlærde: ei gruppe lærarar som hadde ansvar for å leggja ut lova i det jødiske samfunnet. ▶retningar innanfor jødedomen.
Note: Menneskesonen: den nemninga Jesus oftast bruker om seg sjølv. Jf. Dan 7,13f. ▶Jesu titlar.
Note: tollbua: Kapernaum låg ved den viktige handelsvegen Via Maris mellom Syria og Middelhavet. ▶toll. Levi: blir kalla Matteus i Matt 9,9.
Note: tollbua: Kapernaum låg ved den viktige handelsvegen Via Maris mellom Syria og Middelhavet. ▶toll. Levi: blir kalla Matteus i Matt 9,9.
Luk 5,30 viser til Luk 15,2
Note: læresveinane: Farisearar og skriftlærde samla òg eigne elevar, kalla læresveinar. tollarar og syndarar: Oppgåva med å krevja inn ▶toll og avgifter i Romarriket vart pakta bort til særskilde tenestemenn. Dei var ofte freista til å ta større toll enn dei hadde rett til (Luk 3,12f). Jødar som tok på seg den slags arbeid, vart rekna som ureine, forakta av landsmennene sine og jamstelte med openberre syndarar.
Note: fastar: avstår frå mat og drikke. På Jesu tid var det vanleg at lovtrue jødar fasta to dagar i veka.
Note: skinnsekker: Ny vin måtte lagrast i nye skinnsekker, som utvida seg og ikkje rivna når vinen gjæra.
Forrige kapittelNeste kapittel

05. august 2021

Dagens Bibelord

Jesaja 64,7–65,2

Les i nettbibelen

7Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. 8Herre, ver ikkje harm, hugs ikkje vår skuld for alltid! Sjå no hit, alle er vi ditt folk! ... Vis hele teksten

7Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. 8Herre, ver ikkje harm, hugs ikkje vår skuld for alltid! Sjå no hit, alle er vi ditt folk! 9Dine heilage byar har vorte til ørken, Sion har vorte ein ørken og Jerusalem ei øydemark. 10Vårt heilage og herlege tempel, der fedrane våre lova deg, har elden svidd av. Alt vi var glade i, er lagt i ruinar. 11Kan du tola dette, Herre, teia og audmjuka oss så djupt? 1Eg hadde svar til dei som ikkje spurde, eg var å finna for dei som ikkje søkte meg. Eg sa: «Her er eg! Her er eg!» til eit folkeslag som ikkje kalla på mitt namn. 2Heile dagen rekte eg hendene ut til eit trassig folk som gjekk fram etter eigne tankar på vegar som ikkje var gode.