Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24

Forrige kapittelNeste kapittel

FØREBUINGA TIL JESU GJERNING (3,1–4,13)
Døyparen Johannes står fram
3    Det var i det femtande styringsåret til keisar Tiberius. Pontius Pilatus var landshovding i Judea, Herodes var landsfyrste i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene,  2 og Annas og Kaifas var øvsteprestar. Då kom Guds ord til Johannes, son til Sakarja, i øydemarka.  3 Og han drog omkring i heile Jordan-landet og forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene,  4 slik som det står skrive i boka med profeten Jesajas ord:
           Ei røyst ropar i øydemarka:
           Rydd Herrens veg,
           gjer stigane hans rette!
          
   
 5  Kvar dal skal fyllast,
           kvart fjell og kvar haug skal jamnast ut.
           Dei krokete vegane skal bli rette,
           dei steinete stigane bli slette.
          
   
 6  Og alle menneske skal sjå Guds frelse.
 7 I flokk og følgje drog folk ut for å bli døypte av Johannes, og han sa til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?  8 Så ber då frukt som viser at de er omvende! Prøv ikkje å seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.  9 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.»
   
10 «Kva skal vi då gjera?» spurde folket. 11 Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.» 12 Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?» 13 «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han. 14 «Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»
   
15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte i sitt hjarte: Tru om Johannes kan vera Messias? 16 Då tok han til orde og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. 17 Han har kasteskovla i handa for å reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten skal han samla i låven sin, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
   
18 Dette og mykje anna la han folket på hjartet når han forkynte bodskapen for dei. 19 Men då han refsa landsfyrsten Herodes fordi han levde med Herodias, brorkona si, og gjorde mykje anna vondt, 20 la Herodes ei ny ugjerning til alle dei andre: Han kasta Johannes i fengsel.
Jesus blir døypt
21 Alt folket lét seg no døypa, og Jesus vart òg døypt. Medan han bad, opna himmelen seg, 22 og Den heilage ande dala ned over han i skapnad av ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»
Jesu ættetavle
23 Jesus var omkring tretti år gammal då han tok til med si gjerning. Han vart halden for å vera son til Josef, som var son til Eli, 24 son til Mattat, son til Levi, son til Melki, son til Jannai, son til Josef, 25 son til Mattatja, son til Amos, son til Nahum, son til Esli, son til Naggai, 26 son til Maat, son til Mattatja, son til Sjimi, son til Josek, son til Joda, 27 son til Johanan, son til Resa, son til Serubabel, son til Sjealtiel, son til Neri, 28 son til Melki, son til Addi, son til Kosam, son til Elmadam, son til Er, 29 son til Josva, son til Elieser, son til Jorim, son til Mattat, son til Levi, 30 son til Simeon, son til Juda, son til Josef, son til Jonam, son til Eljakim, 31 son til Melea, son til Menna, son til Mattata, son til Natan, son til David, 32 son til Isai, son til Obed, son til Boas, son til Salma, son til Nahsjon, 33 son til Amminadab, son til Admin, son til Arni, son til Hesron, son til Peres, son til Juda, 34 son til Jakob, son til Isak, son til Abraham, son til Tarah, son til Nahor, 35 son til Serug, son til Re'u, son til Peleg, son til Eber, son til Sjelah, 36 son til Kenan, son til Arpaksjad, son til Sem, son til Noah, son til Lamek, 37 son til Metusjalah, son til Henok, son til Jared, son til Mahalalel, son til Kenan, 38 son til Enosj, son til Set, son til Adam, son til Gud.
Note: Tiberius: romersk keisar 14–37 e.Kr. Pontius Pilatus: romersk embetsmann i provinsen Judea 26–36 e.Kr. ▶Pilatus. Herodes: Herodes Antipas, son til Herodes den store, landsfyrste over Galilea og Perea 4 f.Kr.–39 e.Kr. Filip: landsfyrste i Iturea og Trakonitis, dei nordaustlege delane av Palestina, 4 f.Kr.–34 e.Kr. Lysanias: landsfyrste over Abilene, eit område nordvest for Damaskus.
Note: Tiberius: romersk keisar 14–37 e.Kr. Pontius Pilatus: romersk embetsmann i provinsen Judea 26–36 e.Kr. ▶Pilatus. Herodes: Herodes Antipas, son til Herodes den store, landsfyrste over Galilea og Perea 4 f.Kr.–39 e.Kr. Filip: landsfyrste i Iturea og Trakonitis, dei nordaustlege delane av Palestina, 4 f.Kr.–34 e.Kr. Lysanias: landsfyrste over Abilene, eit område nordvest for Damaskus.
Luk 3,2 viser til Joh 18,13, Apg 4,6
Note: Annas og Kaifas: øvsteprestar som stod i brodden for presteskapet i Jerusalem og leidde Det høge rådet. Dei fremste talsmennene for folket under romarveldet. I 18–36 e.Kr. var Kaifas formelt øvsteprest, men svigerfar hans, Annas, fekk ha tittelen sin og hadde stor makt.
Luk 3,3 viser til Matt 3,2+, Apg 13,24, Apg 19,4
Note: Jordan-landet: slettelandet lengst sør i Jordan-dalen. Jf. 1 Mos 13,10–12.
Luk 3,4 viser til Jes 40,3ff
Luk 3,8 viser til Joh 8,39
Luk 3,10 viser til Luk 10,25+
Luk 3,11 viser til Jak 2,15f
Luk 3,15 viser til Joh 1,19ff
Note: kasteskovla: ein tregaffel med breie tenner og langt skaft. Med denne reiskapen kasta bonden det treskte kornet opp i vinden; agnene bles bort, medan kornet fall ned fordi det var tyngre.
Note: Herodes: Herodes Antipas. >3,1. ▶Herodes-slekta. Jf. Matt 14,1–12; Mark 6,14–29.
Forrige kapittelNeste kapittel

05. august 2021

Dagens Bibelord

Jesaja 64,7–65,2

Les i nettbibelen

7Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. 8Herre, ver ikkje harm, hugs ikkje vår skuld for alltid! Sjå no hit, alle er vi ditt folk! ... Vis hele teksten

7Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. 8Herre, ver ikkje harm, hugs ikkje vår skuld for alltid! Sjå no hit, alle er vi ditt folk! 9Dine heilage byar har vorte til ørken, Sion har vorte ein ørken og Jerusalem ei øydemark. 10Vårt heilage og herlege tempel, der fedrane våre lova deg, har elden svidd av. Alt vi var glade i, er lagt i ruinar. 11Kan du tola dette, Herre, teia og audmjuka oss så djupt? 1Eg hadde svar til dei som ikkje spurde, eg var å finna for dei som ikkje søkte meg. Eg sa: «Her er eg! Her er eg!» til eit folkeslag som ikkje kalla på mitt namn. 2Heile dagen rekte eg hendene ut til eit trassig folk som gjekk fram etter eigne tankar på vegar som ikkje var gode.