Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24

Forrige kapittelNeste kapittel

Jesus blir freista
4Fylt av Den heilage ande kom Jesus tilbake frå Jordan. Og Anden førte han omkring i førti dagar i øydemarka,  2 der han vart freista av djevelen. I dei dagane åt han ingenting, og då dagane var til ende, tok svolten han.  3 Då sa djevelen til han: «Er du Guds Son, så sei til denne steinen at han skal bli til brød.»  4 Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød.»
   
 5 Då førte djevelen han høgt opp og synte han i ein augneblink alle rika i verda  6 og sa: «Eg vil gje deg all denne makta og herlegdomen. For makta er lagd i mi hand, og eg gjev henne til kven eg vil.  7 Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.»  8 Då svara Jesus: «Det står skrive:
           Herren din Gud skal du tilbe,
           han og ingen annan skal du tena
 9 Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå. 10 For det står skrive:
           Han skal gje englane sine påbod
           om å verna deg.
11 Og:
           Dei skal bera deg på hendene
           så du ikkje støyter foten mot nokon stein
12 Men Jesus svara: «Det er sagt:
           Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve
13 Då djevelen slik hadde freista han på alle vis, heldt han seg borte frå Jesus ei tid.
Jesus i synagogen i Nasaret
14 I Andens kraft vende Jesus attende til Galilea. Og ordet om han spreidde seg i alle bygdene der omkring. 15 Han underviste i synagogane, og alle tala vel om han.
   
16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, 17 og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
          
   
18  Herrens Ande er over meg,
           for han har salva meg
           til å forkynna ein god bodskap for fattige.
           Han har sendt meg for å ropa ut
           at fangar skal få fridom
           og at blinde skal få sjå,
           for å setja undertrykte fri
          
   
19  og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.
   
23 Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: ‘Lege, læk deg sjølv!’ og seia: ‘Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum. Gjer no det same på heimstaden din!’» 24 Og han heldt fram: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. 25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel i dei dagane då Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. 26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27 Og det var mange med hudsjukdom i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Naaman.»
   
28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagogen og høyrde dette. 29 Dei fór opp og jaga han ut av byen, mot ein skrent i åssida der byen deira låg. Der ville dei støyta han utfor. 30 Men han gjekk midt igjennom flokken og bort derifrå.
Ein dag i Kapernaum
31 Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea. Han underviste dei på sabbaten, 32 og dei var slegne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde.
   
33 I synagogen var det ein mann som hadde ei vond og urein ånd. Han sette i å ropa av all kraft: 34 «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!» 35 Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt blant dei og fór ut av han, men skadde han ikkje. 36 Då kom det otte og undring over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.» 37 Og ordet om han fór over alle bygdene der omkring.
   
38 Frå synagogen gjekk Jesus heim til Simon. Svigermor til Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne. 39 Han gjekk fram, bøygde seg over henne og truga feberen så han sleppte henne. Og med ein gong stod ho opp og stelte for dei.
   
40 Då sola gjekk ned, kom alle til han med sine sjuke, same kva sjukdom dei var plaga av. Og han la hendene på kvar og ein av dei og lækte dei. 41 Mange fór det vonde ånder ut av, og dei skreik og ropa: «Du er Guds Son!» Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala. For dei visste at han var Messias.
   
42 Då det vart morgon dagen etter, fór han ut til ein aud stad. Folket gav seg til å leita etter han, og då dei kom dit han var, prøvde dei å halda han att, så han ikkje skulle gå frå dei. 43 Men han sa: «Eg må bera fram den gode bodskapen om Guds rike i dei andre byane òg. Det er det eg er send for.» 44 Og han heldt fram med å forkynna i synagogane i Judea.
Luk 4,2 viser til Hebr 2,8, Hebr 4,15
Note: vart freista: kan òg omsetjast «vart sett på prøve». ▶djevelen.
Luk 4,4 viser til 5 Mos 8,3
Note: ikkje berre av brød: Nokre handskrifter held fram «men av kvart Guds ord». Jf. Matt 4,4.
Luk 4,10 viser til Sal 91,11f
Luk 4,14 viser til Apg 10,37f
Luk 4,14 viser til Apg 10,37f
Note: synagogane: samlingsstadene til jødane. ▶synagoge.
Note: sabbaten: kviledagen til jødane. ▶festar og høgtider. Han … lesa: Alle menn som var med i forsamlinga, kunne reisa seg for å lesa og preika frå Skrifta. ▶synagoge.
Luk 4,18 viser til Jes 61,1f
Note: Han har sendt meg: Nokre handskrifter held fram «for å lækja dei som har eit knust hjarte». Jf. Jes 61,1. setja … fri: kan òg omsetjast «gje … tilgjeving». Jf. Jes 58,6; Matt 26,28; Mark 1,4.
Luk 4,24 viser til Joh 4,44
Note: Sanneleg: gjev att det hebr. ordet amen, «det står fast», «det er sikkert og sant». ▶amen.
Luk 4,34 viser til Joh 6,69
Note: Guds Heilage: er Jesus som Guds Son. ▶heilag og rein.
Luk 4,40 viser til Mark 5,23, Mark 6,5, Mark 7,32, Mark 8,23, Luk 6,18, Luk 13,13, Apg 9,12, Apg 28,8
Note: Då sola gjekk ned: Det jødiske døgnet blir rekna frå solnedgang til solnedgang. Sabbaten (v. 31–39) varte frå fredag kveld til laurdag kveld. Jf. 3 Mos 23,32. ▶tidsrekning.
Luk 4,43 viser til Luk 8,1
Luk 4,44 viser til Matt 4,23
Note: Judea: her brukt i vid tyding om heile provinsen. ▶landet.
Forrige kapittelNeste kapittel

18. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 12,13–21

Les i nettbibelen

13En i mengden sa til ham: «Mester, si til min bror at han skal skifte arven med meg!» 14Men Jesus svarte: «Venn, hvem har satt meg til å dømme eller skifte mellom dere?» ... Vis hele teksten

13En i mengden sa til ham: «Mester, si til min bror at han skal skifte arven med meg!» 14Men Jesus svarte: «Venn, hvem har satt meg til å dømme eller skifte mellom dere?» 15Og han sa til dem: «Ta dere i vare for all slags grådighet! For det er ikke det en eier, som gir liv, selv om en har overflod.» 16Så fortalte han dem en lignelse:«Det var en rik mann som hadde fått god avling av jorden, 17og han tenkte med seg selv: ‘Hva skal jeg gjøre? Jeg har ikke plass til avlingen min. 18Jo, dette vil jeg gjøre: Jeg river ned låvene og bygger dem større, og der samler jeg kornet og alt jeg ellers eier. 19Så skal jeg si til meg selv: Nå har du mye godt liggende, nok for mange år. Slå deg til ro, min sjel, spis, drikk og vær glad!’ 20Men Gud sa til ham: ‘Uforstandige menneske! I natt kreves din sjel tilbake. Hvem skal så ha det du har samlet?’ 21Slik går det med den som samler skatter til seg selv og ikke er rik i Gud.»