Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Vinbøndene og arvingen
12Så tok han til å tala til dei i likningar: «Ein mann planta ei vinmark. Han sette gjerde rundt, hogg ut ei vinpresse og bygde eit vakttårn. Så leigde han marka bort til nokre vinbønder og drog utanlands.
   
 2 Då tida kom, sende han ein tenar til bøndene for å få sin del av avlinga.  3 Men dei greip tenaren, skamslo han og sende han tomhendt bort.  4 Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei. Han slo dei i hovudet og spotta.  5 Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei.  6 No hadde han ein einaste att, sin eigen son, som han hadde så kjær. Til sist sende han sonen til dei, for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’  7 Men vinbøndene sa til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, og arven er vår.’  8 Så tok dei han og slo han i hel og kasta han ut av vingarden.
   
 9 Kva skal no vingardsherren gjera? Han skal koma og gjera ende på vinbøndene og la andre få vingarden. 10 Har de ikkje lese dette ordet i Skrifta:
           Steinen som bygningsmennene vraka,
           har vorte hjørnestein.
          
   
11  Det er Herrens eige verk,
           underfullt er det i våre auge.»
12 Då ville dei gjerne ha gripe han, for dei skjøna at det var dei han sikta til med likninga si. Men dei torde ikkje for folket. Difor lét dei han vera og gjekk sin veg.
Er det rett å svara skatt til keisaren?
13 Sidan sende dei nokre av farisearane og herodianarane som skulle fanga han i ord. 14 Dei kom og sa til han: «Meister, vi veit at du er ærleg og ikkje bryr deg om kva andre meiner. For du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg. Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Skal vi betala, eller skal vi la det vera?» 15 Men Jesus merka hykleriet deira og sa til dei: «Kvifor set de meg på prøve? Kom med ein denar og lat meg få sjå han!» 16 Dei gav han ein, og han spurde: «Kven har biletet og namnet sitt her?» «Keisaren», svara dei. 17 Då sa Jesus til dei: «Gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til!» Og dei undra seg over han.
Oppstoda frå dei døde
18 Så kom det nokre saddukearar til han, dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 19 «Meister, Moses har gjeve oss dette påbodet: Om ein mann har ein bror som døyr og etterlèt seg kone, men ikkje born, skal han gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin. 20 No var det sju brør. Den første tok seg ei kone, men døydde utan å etterlata seg born. 21 Så gifte den andre seg med henne; han òg døydde barnlaus, og på same måten gjekk det med den tredje. 22 Ingen av dei sju etterlét seg born. Sist av dei alle døydde kvinna. 23 Men i oppstoda, den dagen dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har då vore gifte med henne.»
   
24 Jesus sa til dei: «De er på ville vegar! Og er ikkje det fordi de verken kjenner skriftene eller Guds makt? 25 For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og blir ikkje bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen. 26 Men at dei døde står opp, har de ikkje lese om det i Moseboka, i forteljinga om klungeren? Gud tala til Moses og sa: ‘ Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. 27 Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. De er heilt på ville vegar.»
Det første bodet
28 Ein av dei skriftlærde som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han bort til han og spurde: «Kva for eit bod er det første av alle?» 29 Jesus svara: «Dette er det første bodet: ‘ Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin. 30  Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt. 31 Det andre er dette: ‘ Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ Noko større bod enn desse finst ikkje.» 32 Den skriftlærde sa til han: «Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han. 33  Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.» 34 Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til den skriftlærde: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir.
Kven Messias er
35 Ein gong Jesus underviste på tempelplassen, sa han: «Korleis kan dei skriftlærde seia at Messias er Davids son? 36 For David sjølv seier i Den heilage ande:
          ‘ Herren sa til min herre:
           Set deg ved mi høgre hand
           til eg får lagt dine fiendar
           under dine føter.
37 David sjølv kallar han herre, korleis kan han då vera Davids son?»
Jesus åtvarar mot dei skriftlærde
Den store folkemengda høyrde gjerne på Jesus. 38 Og medan han underviste, sa han: «Pass dykk for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper, ta imot helsingar på torget, 39 sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod. 40 Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»
Den fattige enkja som gav
41 Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg på korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje. 42 Så kom det ei fattig enkje og la i to småmyntar, nokre få øre. 43 Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. 44 For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»
Mark 12,1 viser til Jes 5,1ff
Mark 12,1 viser til Jes 5,1ff
Note: herodianarane: >3,6.
Note: herodianarane: >3,6.
Note: denar: romersk mynt som svara til ei dagløn. ▶mynt.
Note: Dei et … huset: Dei skriftlærde vart kritiserte for å utnytta og snylta på fattigfolks gjestfridom.
Mark 12,41 viser til 2 Kong 12,9, Joh 8,20
Note: tempelkista: kan tyda eit skattkammer eller ei offerkiste. Eitt av skattkammera i tempelet var innreidd for å ta imot gåver og avgifter frå folket, og der stod det offerkister for ulike føremål.
Mark 12,41 viser til 2 Kong 12,9, Joh 8,20
Note: tempelkista: kan tyda eit skattkammer eller ei offerkiste. Eitt av skattkammera i tempelet var innreidd for å ta imot gåver og avgifter frå folket, og der stod det offerkister for ulike føremål.
Note: to småmyntar: vil her seia den minste mynteininga som var i bruk hos jødane. nokre få øre: Den gr. teksten har ei lita romersk mynteining.
Forrige kapittelNeste kapittel

28. september 2021

Dagens Bibelord

2. Mosebok 23,20–26

Les i nettbibelen

20Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. 21Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han. ... Vis hele teksten

20Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. 21Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han. 22Men høyrer du på det han seier og gjer alt det eg byd deg, då vil eg vera ein fiende for dine fiendar og ein motstandar for dine motstandarar. 23For engelen min skal gå framfor deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil utsletta dei. 24Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje la deg lokka til å dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei, men du skal riva steinstøttene deira ned til grunnen og slå dei sund. 25De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet ditt og vatnet ditt. Sjukdom vil eg halda borte frå deg. 26Inga kvinne i landet ditt skal mista barn eller vera ufruktbar. Eg skal fylla ditt mål av dagar.