Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittel

På Malta
28Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta.  2 Dei som budde der, var uvanleg hjelpsame mot oss. Dei tende bål og tok seg av oss alle, for det hadde teke til å regna, og det var kaldt.  3 Paulus sanka saman ein haug med kvister og la på bålet. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og beit seg fast i handa hans.  4 Då folket der såg dyret hanga ned frå handa hans, sa dei til kvarandre: «Den mannen må vera ein mordar, sidan Rettferda ikkje lèt han leva, endå han er berga frå havet.»  5 Men Paulus riste ormen av seg og inn i elden og hadde ikkje noko mein av det.  6 Dei andre venta berre at han skulle hovna opp eller brått falla død til jorda. Men då dei hadde venta ei god stund og såg at det ikkje hende noko uvanleg med han, slo dei heilt om og sa at han måtte vera ein gud.
   
 7 Ikkje langt frå denne staden låg det eit gods som Publius, fremste mannen på øya, eigde. Han tok venleg imot oss, og vi var gjester hos han i tre dagar.  8 Far til Publius låg med feber og dysenteri. Paulus gjekk inn til han, bad og la hendene på han og lækte han.  9 Etter dette kom òg dei andre som var sjuke der på øya, og dei vart lækte. 10 Dei gjorde stor ære på oss, og då vi drog vidare, skaffa dei oss det vi trong.
Til Roma
11 Då det hadde gått tre månader, segla vi derifrå med eit skip som hadde lege ved øya om vinteren. Det var frå Aleksandria og hadde Tvillingane som skipsmerke. 12 Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar. 13 Derifrå segla vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli. 14 Her møtte vi sysken, og dei bad oss vera hos dei ei veke. Så kom vi til Roma. 15 Syskena der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.
Paulus i Roma
16 Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han. 17 Tre dagar etter kalla han saman dei fremste jødane. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør! Eg har ikkje gjort noko gale mot folket vårt eller mot dei skikkane vi har frå fedrane. Likevel kjem eg som fange frå Jerusalem, der eg vart overgjeven til romarane. 18 Då dei hadde forhøyrt meg, ville dei gje meg fri, fordi eg ikkje hadde gjort noko som kravde dødsstraff. 19 Men jødane sette seg imot det. Difor vart eg nøydd til å anka til keisaren. Men det gjorde eg ikkje for å koma med skuldingar mot mitt eige folk. 20 Difor har eg bede dykk koma hit, så eg kan få møta dykk og tala med dykk. For det er Israels von som gjer at eg går med desse lenkjene.» 21 Dei svara: «Vi har ikkje fått noko brev om deg frå Judea. Heller ikkje har nokon av brørne kome hit og meldt frå eller sagt noko vondt om deg. 22 Men vi vil gjerne høyra av deg kva du meiner. For om denne sekta veit vi at ho møter motstand alle stader.»
   
23 Dei avtala ein dag med han og kom så dit han budde; dei var då endå fleire enn førre gongen. Frå morgon til kveld forklara og vitna han for dei om Guds rike og freista å vinna dei for Jesus, ut frå både Moselova og profetane. 24 Nokre av dei lét seg overtyda av det han sa, men andre ville ikkje tru. 25 Dei gjekk frå kvarandre djupt usamde, men eitt ord fekk Paulus sagt dei: «Det var sant, det som Den heilage ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja:
          
   
26  Gå og sei til dette folket:
           De skal høyra og høyra, men ikkje skilja,
           sjå og sjå, men ikkje skjøna!
          
   
27  For hjartet til dette folket har vorte feitt;
           tungt høyrer dei med øyra,
           og auga har dei late att,
           så dei ikkje kan sjå med auga
           eller høyra med øyra
           eller skjøna med hjartet
           og venda om,
           så eg får lækja dei.
28 Så skal de vita at denne Guds frelse er send til heidningane. Og dei kjem til å høyra.» 29 *Då han hadde sagt dette, gjekk jødane bort medan dei diskuterte hardt med kvarandre.•
   
30 Sidan budde Paulus to fulle år i eit hus han hadde leigd. Han tok imot alle som kom til han. 31 Med stort frimod og utan hindring forkynte han Guds rike og lærte om Herren Jesus Kristus.
Note: Rettferda: gr. Dike, namnet på ei gresk gudinne.
Note: Tvillingane: guddomane Castor og Pollux, «Dioskurane», som verna sjøfarten.
Apg 28,20 viser til Apg 26,6f+
Note: brørne: Uttrykket viser her og i 22,5 til jødane.
Note: Verset manglar i dei eldste handskriftene.
Forrige kapittel

28. september 2021

Dagens Bibelord

2. Mosebok 23,20–26

Les i nettbibelen

20Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. 21Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han. ... Vis hele teksten

20Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. 21Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han. 22Men høyrer du på det han seier og gjer alt det eg byd deg, då vil eg vera ein fiende for dine fiendar og ein motstandar for dine motstandarar. 23For engelen min skal gå framfor deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil utsletta dei. 24Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje la deg lokka til å dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei, men du skal riva steinstøttene deira ned til grunnen og slå dei sund. 25De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet ditt og vatnet ditt. Sjukdom vil eg halda borte frå deg. 26Inga kvinne i landet ditt skal mista barn eller vera ufruktbar. Eg skal fylla ditt mål av dagar.