Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Brevet til hebrearane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13

Forrige kapittelNeste kapittel
5Ein øvsteprest blir alltid vald ut blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder.  2 Han kan vera mild mot dei som uvitande fer vill, fordi han òg er veik  3 og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket.  4 Ingen tek seg sjølv den æra, men han blir kalla av Gud, slik som Aron.
   
 5 Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud, som sa til han:
           Du er Son min,
           eg har fødd deg i dag.
 6 Og som han seier ein annan stad:
           Du skal til evig tid vera prest
           av same slag som Melkisedek.
 7 Då Jesus levde som menneske, bar han fram bøner og naudrop, med høge skrik og tårer, til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig.  8 Endå han var Son, lærte han lydnad ved å lida.  9 Då han hadde nådd fullendinga, vart han ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han, 10 han som av Gud vart kalla øvsteprest av same slag som Melkisedek.
Åtvaring mot fråfall
11 Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så likesæle med å høyra. 12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng nokon som på nytt lærer dykk det første og grunnleggjande i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde. 13 For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd. 14 Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.
Note: Aron: var etter 2 Mos den første øvstepresten. Jf. 2 Mos 28,1.
Hebr 5,6 viser til Sal 110,4, Hebr 6,20, Hebr 7,1ff
Note: av same slag som Melkisedek: kan òg omsetjast «på same måten som Melkisedek» eller «i lina etter Melkisedek». >7,2.
Hebr 5,8 viser til Fil 2,8
Forrige kapittelNeste kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.