Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Salmane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150

Forrige kapittelNeste kapittel
89Ein læresalme av esrahitten Etan.
          
   
 2 Eg vil alltid syngja om Herrens miskunn,
          frå slekt til slekt skal min munn gjera din truskap kjend.
          
   
 3 Eg seier: Miskunn blir bygd for evig,
          din truskap er grunnfest i himmelen.
          
   
 4 «Eg gjorde ei pakt med min utvalde,
          svor ein eid til David, min tenar:
          
   
 5 Eg grunnfester di ætt til evig tid;
          eg vil byggja di trone frå slekt til slekt.»
          
   
 6 Himmelen prisar dine under, Herre,
          forsamlinga av dei heilage prisar din truskap.
          
   
 7 For kven i skyene er Herrens like,
          kven mellom gudesøner er som Herren,
          
   
 8 ein stor og skremmande Gud i rådet av dei heilage,
          meir verd å frykta enn alle som omgjev han?
          
   
 9 Kven er som du, Gud Herre Sebaot?
          Mektig er du, Herre, omgjeven av din truskap.
          
   
10 Du herskar over det hovmodige havet,
          når bølgjene reiser seg, stiller du dei.
          
   
11 Det var du som slo Rahab i hel,
          du spreidde dine fiendar med din mektige arm.
          
   
12 Din er himmelen, og di er jorda,
          du har grunnlagt verda og alt som fyller henne.
          
   
13 Du skapte nord og sør,
          Tabor og Hermon jublar over ditt namn.
          
   
14 Din arm er mektig,
          di hand er sterk, høgre arm er lyft.
          
   
15 Rettferd og rett er grunnvoll for di trone,
          miskunn og sanning kjem fram for deg.
          
   
16 Sælt er det folket som kan ropa av jubel.
          Dei ferdast i lyset frå ditt andlet, Herre.
          
   
17 Heile dagen jublar dei over ditt namn,
          dei triumferer ved di rettferd.
          
   
18 Du er deira styrke og prakt,
          ved din godvilje får vi kraft.
          
   
19 Skjoldet vårt høyrer Herren til,
          kongen vår høyrer Israels Heilage til.
          
   
20 Den gong tala du i eit syn til dine trugne:
          «Eg set ein helt til å hjelpa,
          reiser opp ein utvald frå folket.
          
   
21 Eg fann David, min tenar,
          eg salva han med mi heilage olje.
          
   
22 Mi hand skal alltid vera hos han,
          min arm skal gje han styrke.
          
   
23 Fienden skal ikkje plaga han,
          vonde menneske skal ikkje kua han.
          
   
24 Eg knuser motstandarar framfor han,
          dei som hatar han, slår eg ned.
          
   
25 Min truskap og mi miskunn skal vera hos han,
          i mitt namn skal han få kraft.
          
   
26 Eg legg havet under hans hand,
          elvane under hans høgre arm.
          
   
27 Han skal ropa til meg: ‘Du er min far,
          min Gud, mitt berg som frelser meg!’
          
   
28 Ja, min førstefødde skal han vera,
          den høgste mellom kongane på jord.
          
   
29 Eg skal alltid gjera godt mot han,
          mi pakt med han står fast.
          
   
30 Hans ætt held eg oppe til evig tid,
          hans trone så lenge himmelen er til.
          
   
31 Dersom sønene hans går bort frå mi lov
          og ikkje følgjer mine bod,
          
   
32 dersom dei vanhelgar mine forskrifter
          og ikkje held mine påbod,
          
   
33 då straffar eg deira brot med stokk,
          deira synd med slag.
          
   
34 Men eg skal ikkje ta mi miskunn frå han
          og ikkje svikta min truskap.
          
   
35 Eg vil ikkje vanhelga mi pakt,
          ikkje endra orda frå min munn.
          
   
36 Éin gong for alle har eg svore:
          Så sant eg er heilag,
          eg vil aldri lyga for David.
          
   
37 Hans ætt skal vara til evig tid,
          hans trone skal stå som sola framfor meg.
          
   
38 Ho skal stå fast for evig som månen,
          det trufaste vitnet i skya.»
          
   
39 Men du har støytt bort den du har salva,
          du vraka han og vart harm på han.
          
   
40 Du har gjort om inkje pakta med din tenar,
          vanhelga hans krone i støvet.
          
   
41 Du har rive ned alle hans murar,
          lagt borgene hans i grus.
          
   
42 Dei plyndrar han, alle som fer framom,
          han har vorte til spott for sine grannar.
          
   
43 Du gjev motstandarane siger
          og gjer alle hans fiendar glade.
          
   
44 Hans kvasse sverd har du trekt tilbake,
          du heldt han ikkje oppe i striden.
          
   
45 Du har gjort ende på hans glans
          og slengt trona hans til jorda.
          
   
46 Du har korta hans ungdoms dagar
          og sveipt han i skam.
          
   
47 Kor lenge, Herre?
          Vil du løyna deg for alltid?
          Kor lenge skal din harme brenna som eld?
          
   
48 Kom i hug at livet mitt er kort!
          Var det fåfengt at du skapte alle menneske?
          
   
49 Kven lever utan å sjå døden,
          kven bergar livet frå dødsrikets vald?
          
   
50 Herre, kvar er di miskunn som du viste oss før,
          den du svor David i din truskap?
          
   
51 Herre, kom i hug spotten mot dine tenarar,
          den eg har fått i fanget frå mange folk.
          
   
52 For dine fiendar spottar, Herre,
          dei spottar den du har salva, kvar han går.
          
   
53 Velsigna er Herren til evig tid!
          Amen! Ja, amen!
Sal 89,4 viser til Sal 18,51+
Sal 89,6 viser til Sal 8,2+
Note: gudesøner: >29,1.
Sal 89,10 viser til Sal 46,3f+
Sal 89,11 viser til Jes 51,9
Note: Rahab: sjøuhyre, gudfiendtleg makt. ▶havet.
Note: Tabor: fjell i Galilea.
Sal 89,16 viser til Sal 47,2+, Sal 80,4+
Note: lyset frå ditt andlet: >4,7.
Sal 89,26 viser til Sal 72,8+
Sal 89,37 viser til Sal 72,5+
Sal 89,47 viser til Sal 77,8+
Sal 89,48 viser til Sal 39,6+
Forrige kapittelNeste kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.