Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Femte Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34

Neste kapittel

Moses minner om Herrens lovnader
1Dette er dei orda som Moses tala til heile Israel austafor Jordan. Det var i ørkenen på Araba-sletta, rett imot Suf, mellom Paran og Tofel, Laban, Haserot og Di-Sahab,  2 elleve dagsreiser frå Horeb på vegen over Se'ir-fjella til Kadesj-Barnea.
   
 3 Det var i det førtiande året, den første dagen i den ellevte månaden, at Moses tala til israelittane om alt det som Herren hadde pålagt han å seia til dei.  4 Moses hadde då slege amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot og Edre'i.  5 Austafor Jordan, i Moab, byrja Moses å forklara denne lova. Han sa:
   
 6 Herren vår Gud tala til oss ved Horeb og sa: «Lenge nok har de halde dykk ved dette fjellet.  7 Bryt no opp og dra til fjellandet åt amorittane og til grannefolka på Araba-sletta, i fjellandet og i låglandet, i Negev og ute ved kysten, til landet åt kanaanearane og til Libanon, heilt til den store elva, Eufrat.  8 Sjå, eg har lagt landet ope for dykk. Dra av stad og ta det landet som Herren med eid lova å gje fedrane dykkar, Abraham, Isak og Jakob, og etterkomarane deira.»
Moses set inn leiarar
 9 Den gongen sa eg til dykk: «Åleine kan eg ikkje bera dykk. 10 Herren dykkar Gud har gjort dykk talrike, så de i dag er mange som stjernene på himmelen. 11 Måtte Herren, dykkar fedrars Gud, gjera dykk tusen gonger så talrike som de no er, og velsigna dykk, som han har lova. 12 Men korleis kan eg åleine bera ansvaret og halda ut strevet med dykk og trettene dykkar? 13 Vel ut kloke, vituge og lærde menn frå kvar stamme, så skal eg gjera dei til leiarar for dykk.»
   
14 De svara meg: «Det er godt, det du seier vi skal gjera.» 15 Så tok eg stammehovdingane dykkar, kloke og lærde menn, og sette dei til overhovud for dykk, til førarar for tusen, hundre, femti og ti, og gjorde dei til tilsynsmenn for stammane. 16 Den gongen gav eg også dommarane dykkar dette påbodet: «Høyr på klagemål frå landsmennene dykkar, og døm rettferdig i saker mellom ein mann og ein annan, anten det er ein landsmann eller ein innflyttar. 17 Gjer ikkje skilnad på folk når de dømmer! De skal høyra på både høg og låg. Ver ikkje redde nokon, for dommen høyrer Gud til. Men dersom ei sak er for vanskeleg for dykk, så legg henne fram for meg, så eg får høyra.» 18 Den gongen gav eg dykk påbod om alt de skulle gjera.
Moses sender spionar inn i landet
19 Så braut vi opp frå Horeb og drog gjennom heile den store og uhyggjelege ørkenen som de har sett. Vi følgde vegen til fjellandet åt amorittane, slik Herren vår Gud hadde sagt oss, og kom til Kadesj-Barnea. 20 Då sa eg til dykk: «No er de komne til fjellandet åt amorittane, som Herren vår Gud vil gje oss. 21 Sjå, Herren din Gud har lagt landet ope for deg. Dra opp og ta det, slik som Herren, dine fedrars Gud, har sagt deg. Ver ikkje redd og mist ikkje motet!»
   
22 Då kom de til meg alle saman og sa: «Lat oss senda folk i førevegen så dei kan gjera seg kjende i landet og seia oss kva veg vi skal ta opp dit, og kva for byar vi kjem til.» 23 Eg syntest godt om det de sa, og eg tok ut tolv mann iblant dykk, ein frå kvar stamme. 24 Dei gjekk av stad opp i fjellet og kom til Esjkol-bekken. Der spionerte dei. 25 Dei tok noko av frukta i landet og hadde med seg ned til oss. Dei kunne fortelja at det var eit godt land, det landet som Herren vår Gud vil gje oss.
   
26 Men de ville ikkje dra opp dit og sette dykk opp mot det Herren dykkar Gud hadde sagt. 27 De murra i telta dykkar og sa: «Fordi Herren hatar oss, har han ført oss ut frå Egypt og vil gje oss over i hendene til amorittane og utrydda oss. 28 Kvar er det vi skal dra? Brørne våre har fått hjartet til å smelta bort i oss, for dei sa: Folket er større og høgare enn vi, byane er store med himmelhøge festningsmurar, og vi såg også anakittar der.»
   
29 Då sa eg til dykk: «Lat dykk ikkje skremma og ver ikkje redde dei! 30 Herren dykkar Gud går føre dykk, og han vil strida for dykk, slik de med eigne auge såg at han gjorde i Egypt 31 og sidan i ørkenen. Der såg du korleis Herren din Gud bar deg liksom ein mann ber barnet sitt, heile den vegen de drog, til de kom til denne staden.» 32 Likevel trudde de ikkje på Herren dykkar Gud, 33 han som gjekk føre dykk på vegen for å finna leirplass til dykk, om natta i ein eld og om dagen i ei sky, for å syna dykk den vegen de skulle gå.
Israels ulydnad og nederlag
34 Då Herren høyrde kva de sa, vart han harm og svor: 35 «Ikkje ein einaste av denne vonde slekta skal få sjå det gode landet som eg med eid lova å gje fedrane dykkar, 36 berre Kaleb, son til Jefunne; han skal få sjå det. Fordi han så trufast har halde seg til Herren, vil eg gje han og borna hans det landet han har sett foten på.» 37 For dykkar skuld vart Herren harm på meg òg. Han sa: «Heller ikkje du skal få koma inn dit. 38 Men Josva, son til Nun, skal få koma inn, han som er tenaren din. Han skal du styrkja, for han skal gjera landet til eigedom for Israel. 39 Småborna som de trudde ville bli tekne som krigsbytte, og dei borna som enno ikkje kan skilja godt frå vondt, dei skal koma inn i landet. Eg gjev det til dei, og dei skal ta det i eige. 40 Men de må snu og dra ut i ørkenen, mot Sivsjøen.»
   
41 Då svara de meg: «Vi har synda mot Herren. No vil vi dra opp og slåst, slik som Herren vår Gud har sagt oss.» Alle som ein spente de på dykk våpna og gjorde dykk klare til å dra opp i fjellandet. 42 Men Herren sa til meg: Sei til dei: «De skal ikkje dra opp og slåst, for eg er ikkje midt iblant dykk. Elles kjem de til å bli slegne av fiendane dykkar.» 43 Eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra. De sette dykk opp mot det Herren hadde sagt, de var eigenrådige og drog opp i fjella. 44 Då rykte amorittane, som budde der i fjellandet, ut mot dykk. Dei sette etter dykk som ein bisverm, vann over dykk i Se'ir og dreiv dykk heilt til Horma. 45 Då de kom tilbake, gret de framfor Herrens andlet, men han ville ikkje høyra på dykk, og han ville ikkje høyra. 46 Difor måtte de bu i Kadesj så lenge som de gjorde.
Note: Araba-sletta: dalsøkket der Jordan og Daudehavet ligg.
Note: Horeb: >2 Mos 3,1.
Note: det førtiande året: etter at Israel drog ut frå Egypt. Jf. 2,7; 4 Mos 14,33.
Neste kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.