Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Ny forfølging
12På den tid la kong Herodes hand på nokre i forsamlinga og mishandla dei.  2 Han lét Jakob, bror til Johannes, bli avretta med sverd.  3 Og då han såg at jødane lika dette, heldt han fram og lét gripa Peter òg. Det var i høgtida med usyra brød.  4 Han kasta Peter i fengsel, og fire vaktskift, kvart på fire mann, skulle halda vakt over han. Så ville han føra han fram for folket etter påske.  5 Peter vart no halden i fengselet. Men forsamlinga bad inderleg til Gud for han.
   
 6 Natta før Herodes hadde tenkt å føra han fram, låg Peter og sov mellom to soldatar. Han var bunden med to lenkjer, og utanfor døra stod det menn som heldt vakt over fengselet.  7 Då med eitt stod ein engel frå Herren der, og det skein eit lys i rommet. Engelen dytta Peter i sida, vekte han og sa: «Skund deg og stå opp!» Med det same datt lenkjene av hendene hans,  8 og engelen sa til han: «Bind beltet om deg og ta på deg sandalane!» Han så gjorde. Då sa engelen: «Kast kappa om deg og følg meg!»  9 Peter følgde han ut. Men han skjøna ikkje at det engelen gjorde, var verkeleg; han trudde det var eit syn. 10 Dei gjekk framom den første og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv. Dei gjekk ut og heldt fram nedover den første gata. Der vart engelen brått borte for han. 11 Då Peter fekk sansa seg, sa han: «No veit eg for visst at Herren har sendt engelen sin og fria meg ut av hendene på Herodes og frå alt det som jødefolket går og ventar på.» 12 Så snart Peter vart klar over det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes med tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn. 13 Han banka på porten, og ei tenestejente som heitte Rode, kom for å lata opp. 14 Ho kjende Peter att på røysta og vart så glad at ho gløymde å opna porten, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor. 15 «Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. Då sa dei: «Det er engelen hans.» 16 Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring. 17 Han gjorde teikn med handa at dei skulle vera stille, og fortalde korleis Herren hadde ført han ut or fengselet. Så sa han: «Lat Jakob og brørne få vita dette.» Dermed gjekk han ut og drog til ein annan stad.
   
18 Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kva hadde hendt med Peter? 19 Herodes leita etter han, men fann han ikkje. Så tok han vaktmennene i forhøyr og baud at dei skulle førast bort og avrettast. Deretter fór han frå Judea ned til Cæsarea og vart verande der.
Herodes døyr
20 Det hadde lenge vore fiendskap mellom Herodes og innbyggjarane i Tyros og Sidon. No vart folket der samde om å venda seg til han. Då dei hadde fått Blastos, kammerherren hos kongen, på si side, bad dei om fred, for landet deira var avhengig av forsyningar frå landområdet til kongen. 21 På den fastsette dagen kledde Herodes seg i kongeleg skrud, sette seg på kongetribunen og tala til folket. 22 Og folket hylla han og ropa: «Her er det ein gud som talar, ikkje eit menneske!» 23 Med det same vart han slegen av ein engel frå Herren, fordi han ikkje gav Gud æra. Han vart oppeten av makk og døydde.
   
24 Men Guds ord breidde seg ut og hadde framgang. 25 Då Barnabas og Saulus hadde fullført tenesta i Jerusalem, drog dei tilbake. Og dei tok med seg Johannes som hadde tilnamnet Markus.
Note: kong Herodes: Herodes Agrippa, som sette i gang dei første politiske forfølgingane av dei kristne. ▶Herodes-slekta.
Apg 12,2 viser til Mark 10,35-39
Note: Jakob, bror til Johannes: læresveinen Jakob, jf. Matt 10,2.
Note: høgtida med usyra brød: opphavleg ein jordbruksfest som varte ei veke og tok til med påska. ▶festar og høgtider.
Note: Johannes … Markus: blir òg omtala i v. 25; 13,5.13; 15,37.39, kan vera same personen som i Kol 4,10; 2 Tim 4,11; Filem 24; 1 Pet 5,13.
Note: Jakob: ein av brørne til Jesus, frå midten av 40-talet e.Kr. leiar i den første forsamlinga i Jerusalem.
Apg 12,24 viser til Apg 6,7+
Forrige kapittelNeste kapittel

18. juni 2021

Dagens Bibelord

1. Tessaloniker 2,5–13

Les i nettbibelen

5Vi opptrådte aldri med smigrende ord, det vet dere, heller ikke med baktanker om egen vinning; Gud er vårt vitne. 6Vi søkte heller ikke ære hos mennesker, verken hos dere eller andre, ... Vis hele teksten

5Vi opptrådte aldri med smigrende ord, det vet dere, heller ikke med baktanker om egen vinning; Gud er vårt vitne. 6Vi søkte heller ikke ære hos mennesker, verken hos dere eller andre, 7selv om vi kunne ha brukt vår myndighet som Kristi apostler. I stedet var vi som spedbarn blant dere, som når en amme steller med sine egne barn, 8slik var vi blitt inderlig glad i dere og ville gjerne gi dere ikke bare Guds evangelium, men også vårt eget liv. Så høyt elsket vi dere. 9For dere husker, søsken, hvordan vi strevde og slet. Vi forkynte Guds evangelium for dere samtidig som vi arbeidet natt og dag for ikke å være til byrde for noen av dere. 10Dere, og Gud selv, er vitner om hvordan vi levde hellig, rettskaffent og uklanderlig blant dere troende. 11Dere vet også at vi var mot hver enkelt av dere som en far mot sine barn: 12Vi formante, oppmuntret og ba dere inntrengende om å føre et liv verdig for Gud, han som kaller dere til sitt rike og sin herlighet. 13Derfor takker vi stadig Gud, for da dere fikk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dere, tok dere imot det – ikke som menneskeord, men som det Guds ord det i sannhet er. Og dette ordet er virksomt i dere som tror.