Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel
23Paulus feste auga på Rådet og sa: «Brør, med godt samvit har eg til denne dag levd for Gud.»  2 «Slå han på munnen!» sa Ananias, øvstepresten, til dei som stod der.  3 Då sa Paulus til han: «Gud skal slå deg, din kalka vegg! Her sit du og skal dømma meg etter lova, og så byd du imot lova at dei skal slå meg.»  4 «Skjeller du ut Guds øvsteprest?» sa dei som stod der.  5 «Eg visste ikkje, brør, at han var øvsteprest», svara Paulus. «For det står skrive: Ein fyrste i folket ditt skal du ikkje forbanna.»
   
 6 Sidan Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og son til farisearar. Og eg blir klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.»  7 Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken delte seg.  8 For saddukearane seier at oppstoda ikkje finst, og heller ikkje englar og ånder, men farisearane trur på alt dette.  9 No vart det roping og skriking, og nokre av dei skriftlærde av farisearane reiste seg og sa sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hos denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?» 10 Striden vart så hard at kommandanten var redd dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva Paulus frå dei og føra han inn i borga.
   
11 Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, må du òg vitna i Roma.»
Samansverjinga
12 Då det vart dag, slo jødane seg saman og svor på at dei verken skulle eta eller drikka før dei hadde drepe Paulus. 13 Meir enn førti mann var med i denne samansverjinga. 14 Dei gjekk til overprestane og dei eldste og sa: «Vi har svore på at vi ikkje skal smaka mat før vi har drepe Paulus. 15 Gå no saman med Rådet og send ei melding til kommandanten. Be han føra Paulus ned til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøyare. Så står vi ferdige til å drepa han før han kjem fram.»
   
16 Men systerson til Paulus fekk høyra om dette bakhaldet, og han gjekk opp i borga og fortalde det til Paulus. 17 Då sende Paulus bod etter ein av offiserane og sa: «Før denne unge guten til kommandanten! Han har noko å fortelja.» 18 Offiseren tok han med seg til kommandanten og sa: «Fangen Paulus kalla på meg og bad meg føra denne unge guten til deg. Han har noko å seia deg.» 19 Kommandanten tok guten i handa, leidde han til sides og spurde: «Kva er det du har å fortelja meg?» 20 Han svara: «Jødane har avtala at dei i morgon skal be deg føra Paulus ned til Rådet. Dei skal lata som om dei vil granska saka hans nøyare. 21 Men du må ikkje la deg overtala! For meir enn førti av dei ligg og lurer på han. Dei har svore på at dei verken skal eta eller drikka før dei har drepe han. No held dei seg klare og ventar berre på ein lovnad frå deg.»
   
22 Kommandanten lét guten gå, men baud han strengt: «Fortel ikkje nokon at du har late meg få vita dette.»
Paulus blir send til Cæsarea
23 Så kalla han til seg to av offiserane og sa: «Ta to hundre soldatar, saman med sytti ryttarar og to hundre lettvæpna menn, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cæsarea etter den tredje timen i natt! 24 Og sørg for ridedyr, så dei kan få Paulus trygt fram til landshovdingen Feliks.» 25 Så skreiv han dette brevet:
   
26 «Claudius Lysias helsar den vørde landshovdingen Feliks. 27 Denne mannen hadde jødane gripe, og dei heldt på å drepa han. Men eg kom med soldatane og fria han ut, for eg fekk vita at han var romersk borgar. 28 Sidan eg gjerne ville få greie på kva dei klaga han for, førte eg han fram for Rådet deira. 29 Eg fann då ut at skuldinga mot han gjaldt nokre spørsmål i lova deira, og at han ikkje var skulda for noko som han kunne dømmast til død eller fengsel for. 30 Men sidan eg har fått melding om at dei har planlagt eit overfall på mannen, sender eg han direkte til deg. Og eg har sagt frå til klagarane at dei får venda seg til deg i denne saka.»
   
31 Soldatane gjorde som dei hadde fått påbod om: Dei tok Paulus og førte han til Antipatris om natta. 32 Dagen etter vende dei attende til borga og lét ryttarane fara vidare med han. 33 Så snart dei kom til Cæsarea, lét dei landshovdingen få brevet og førte Paulus fram for han. 34 Han las brevet og spurde kva provins han var ifrå. Og då han fekk vita at det var Kilikia, 35 sa han: «Eg skal forhøyra deg når klagarane dine kjem.» Så baud han at Paulus skulle haldast i varetekt i slottsborga til Herodes.
Note: Ananias: øvsteprest 47–58 e.Kr., drepen av ekstremistar ca. 66 e.Kr. under uroa føre opprøret mot romarane.
Apg 23,6 viser til Apg 24,14f, Apg 26,5ff, Apg 28,20, Fil 3,5+
Note: saddukearar, farisearar: ▶retningar innanfor jødedomen.
Apg 23,9 viser til Apg 5,34ff
Note: Cæsarea: >8,40. den tredje timen i natt: ca. kl. 21. ▶tidsrekning.
Note: Feliks: var romersk landshovding ca. 53–59 e.Kr. og rådde over Judea, Samaria og Galilea.
Note: Mange handskrifter legg til «Lev vel».
Note: Antipatris: grenseby mellom Judea og Samaria.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.