Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Uro i Tessalonika
17Dei la vegen gjennom Amfipolis og Apollonia og kom til Tessalonika. Der hadde jødane ein synagoge.  2 Paulus gjekk dit, som han var van med. Tre sabbatsdagar hadde han samtalar med dei ut frå skriftene.  3 Han forklara og la ut for dei at Messias måtte lida og stå opp frå dei døde. Han sa: «Jesus, han som eg forkynner for dykk, han er Messias.»  4 Nokre av dei vart overtydde og gav seg i lag med Paulus og Silas. Det same gjorde ein stor flokk grekarar av dei som dyrka Gud, og ikkje få av dei fremste kvinnene.  5 Då vart jødane brennande harme, og dei fekk med seg nokre tvilsame karar av dei som gjekk og slong på torget, og laga eit oppløp som sette heile byen på ende. Dei storma mot huset til Jason og leita etter dei og ville føra dei ut til folket.  6 Men då dei ikkje fann dei, drog dei Jason og nokre av brørne med seg til styresmennene i byen og ropa: «No er dei komne hit òg, desse som har sett heile verda i opprør,  7 og Jason har teke imot dei! Dei gjer alle tvert imot påboda frå keisaren og seier at ein annan, ein som heiter Jesus, er konge.»  8 Då folket og styresmennene høyrde det, vart dei skremde,  9 og Jason og dei andre fekk ikkje gå før dei hadde gjeve ein pengesum i pant.
Til Berøa
10 Så snart det vart natt, sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei bort i den jødiske synagogen. 11 Jødane der hadde eit edlare sinnelag enn dei i Tessalonika. Dei tok imot Ordet med all godvilje og granska dagleg skriftene og såg etter om alt stemde. 12 Mange av dei kom då til tru, og det same gjorde ein del framståande greske kvinner og mange greske menn. 13 Men då jødane i Tessalonika fekk høyra at Paulus forkynte Guds ord i Berøa òg, kom dei dit med og øste opp folk og skremde dei. 14 Då sende brørne Paulus av stad med ein gong; han skulle fara ned til kysten. Men Silas og Timoteus vart att. 15 Dei som følgde Paulus, førte han heilt til Aten og fór så heim att med bod til Silas og Timoteus at dei skulle koma til han så snart dei kunne.
Paulus talar i Aten
16 Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han opprørt då han såg at byen var overfylt med gudebilete. 17 I synagogen hadde han samtalar med jødane og med dei som dyrka Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han møtte. 18 Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Han er visst ein som forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda. 19 Så tok dei han med seg og førte han til Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slags ny lære du kjem med? 20 For det er underlege ting du lèt oss få høyra. Difor vil vi gjerne vita kva dette er for noko.» 21 For verken atenarane sjølve eller utlendingane som bur der, bruker tida si til anna enn å fortelja og spørja nytt.
   
22 Då steig Paulus fram for Areopagosrådet og sa:
        «Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse.
23 For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’. Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk. 24 Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender, 25 og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev liv og ande, ja, alt til alle. 26 Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira. 27 Det gjorde han for at dei skulle søkja Gud, om det kunne lukkast for dei å leita seg fram til han og finna han. Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. 28 For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: ‘For vi er hans slekt.’ 29 Er vi då Guds slekt, må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein som menneskekunst eller mennesketanke har forma. 30 Gud har bore over med dei tidene då folk var uvitande. Men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om. 31 For han har fastsett ein dag då han vil dømma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle med å reisa han opp frå dei døde.»
   
32 Men då dei høyrde om oppstoda frå dei døde, var det somme som spotta, men andre sa: «Vi høyrer deg gjerne tala meir om dette ein annan gong.» 33 Så gjekk Paulus frå dei. 34 Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios frå Areopagosrådet og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.
Apg 17,1 viser til 1 Tess 2,1f
Note: Tessalonika: hamneby og hovudstad i den romerske provinsen Makedonia, ca. 13 mil vest for Filippi.
Note: Berøa: by sørvest i Makedonia, ca. åtte mil vest for Tessalonika.
Apg 17,18 viser til Apg 4,33+
Note: epikureiske og stoiske filosofar: filosofiske retningar som vart grunnlagde ikring år 300 f.Kr. av Epikur og Zenon.
Note: Areopagos: høgd nordvest for Akropolis i Aten, frå gammalt av møtestad for den høgste domstolen i byen. Ordet kunne òg vera namn på den lokale domstolen «areopagen», ubunde av stad.
Apg 17,27 viser til Jes 55,6, Jer 23,23, Rom 1,19f
Note: Gud: Nokre handskrifter har «Herren», andre har «det guddomlege».
Note: nokre … diktarar: dei stoiske diktarane Aratos og Kleantes (tredje hundreåret f.Kr.).
Forrige kapittelNeste kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.