Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Saulus ved Damaskus
9Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten  2 og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne finna dei som høyrde Vegen til, både menn og kvinner, og føra dei i lenkjer til Jerusalem.  3 Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han.  4 Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?»  5 «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer.  6 Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»  7 Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.  8 Saulus reiste seg opp, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.  9 I tre dagar sat han der utan å sjå noko, og han verken åt eller drakk.
   
10 I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. I eit syn sa Herren til han: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.» 11 Og Herren sa: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset til Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsos. For sjå, han bed. 12 Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.» 13 Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange fortelja om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem. 14 Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å leggja i lenkjer alle som kallar på ditt namn.» 15 Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for heidningfolk og kongar og for Israels folk. 16 Eg skal visa han kor mykje han må lida for mitt namn skuld.» 17 Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren sjølv, Jesus som synte seg for deg på vegen, har sendt meg for at du skal få att synet og bli fylt av Den heilage ande.» 18 Og straks fall det liksom skjel frå auga hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt. 19 Så fekk han mat og kom til krefter.
        Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus,
20 der han straks forkynte Jesus i synagogane og sa: «Han er Guds Son.» 21 Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydda ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å føra dei i lenkjer til overprestane?» 22 Men Saulus fekk meir og meir kraft, og jødane i Damaskus vart svar skuldige då han viste dei klårt at Jesus er Messias.
   
23 Då det hadde gått ei tid, vart jødane samde om å drepa han. 24 Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dag og natt heldt dei vakt, også ved byportane, for å drepa han. 25 Men læresveinane hans fekk han ut om natta; dei firte han nedetter muren i ei korg.
Saulus i Jerusalem
26 Då han kom til Jerusalem, freista han å koma inn blant læresveinane. Men alle var redde han, for dei stolte ikkje på at han var ein læresvein. 27 Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt i Jesu namn i Damaskus. 28 Sidan gjekk han ut og inn med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn. 29 Han tala òg med dei gresktalande jødane og gav seg i ordskifte med dei. Men dei freista å drepa han. 30 Då brørne fekk vita det, førte dei han til Cæsarea og sende han derifrå til Tarsos.
   
31 Kyrkja hadde no fred over heile Judea og Galilea og Samaria. Ho vart bygd opp og levde i ærefrykt for Herren, og styrkt av Den heilage ande auka ho meir og meir.
Peter gjer under
32 Medan Peter reiste omkring overalt, hende det at han kom ned til dei heilage som budde i Lod. 33 Der fekk han sjå ein mann som var lam og hadde lege til sengs i åtte år. Han heitte Æneas. 34 Peter sa til han: «Æneas, Jesus Kristus gjer deg frisk. Stå opp og rei senga di!» Straks reiste han seg opp. 35 Og alle dei som budde i Lod og på Saron-sletta, fekk sjå han og vende om til Herren.
   
36 I Jaffa budde det ein kvinneleg læresvein som heitte Tabita, på gresk Dorkas. Ho gjorde mykje godt og tok seg av dei fattige. 37 Men på den tida vart ho sjuk og døydde. Dei vaska henne og la henne i eit rom ovanpå. 38 Jaffa er ikkje langt frå Lod. Og då læresveinane fekk høyra at Peter var der, sende dei to menn til han med dette bodet: «Kom hit så fort du kan!» 39 Peter gjorde seg ferdig og vart med dei. Då han kom fram, følgde dei han opp på rommet, der alle enkjene samla seg gråtande omkring han. Dei viste fram kjortlane og kappene som Dorkas hadde sydd medan ho endå var mellom dei. 40 Peter sende alle ut og la seg på kne og bad. Så snudde han seg mot den døde og sa: «Tabita, stå opp!» Ho opna auga, og då ho såg Peter, sette ho seg opp. 41 Han rette henne handa og reiste henne opp. Så kalla han inn enkjene og dei heilage og viste dei at ho levde. 42 Dette vart kjent over heile Jaffa, og mange kom til tru på Herren. 43 Peter vart buande ei tid i Jaffa hos ein garvar som heitte Simon.
Note: Vegen: Ordet blir ofte brukt i Apg som nemning på dei kristne og den kristne trua: 19,9.23; 22,4; 24,14.22; jf. 18,25f.
Apg 9,11 viser til Apg 21,39
Note: Tarsos: Romersk provinshovudstad frå 66 f.Kr. og eit viktig handels- og kultursentrum. På Paulus' tid budde det mange jødar i byen. ▶byar.
Note: dine heilage: dei truande. ▶heilag og rein.
Apg 9,26 viser til Gal 1,18f
Apg 9,29 viser til Apg 6,1
Apg 9,31 viser til Apg 2,41+
Apg 9,34 viser til Apg 3,6f+
Note: Dorkas: tyder «gasell». tok seg av: gav gåver. >3,2.
Apg 9,41 viser til Mark 5,41
Note: dei heilage: >9,13.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.