Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Ester

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Forrige kapittelNeste kapittel

Festen til dronning Ester
5Den tredje dagen kledde Ester seg i dronningskrud og stilte seg i den indre slottsgarden, midt imot kongens hus. Der inne sat kongen på trona midt imot inngangen.  2 Då kongen fekk sjå dronning Ester der ho stod i slottsgarden, fekk han godvilje for henne. Han rette gullsepteret som han hadde i handa, ut mot henne, og Ester gjekk fram og rørte ved spissen av septeret.  3 Kongen sa til henne: «Dronning Ester, kva vil du? Er det noko du ønskjer? Om det så er halve riket, skal det bli gjeve deg.»  4 Ester svara: «Om kongen finn det for godt, ville eg gjerne at kongen og Haman i dag skulle koma til festen eg vil halda for han.»  5 Kongen sa: «Hent straks Haman og gjer slik Ester har sagt.»
        Så kom kongen og Haman til festen som Ester heldt.
 6 Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: «Er det noko du vil be om, skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, om det så er halve riket, skal det bli oppfylt.»  7 Ester svara: «Det eg bed om og ønskjer er dette:  8 Dersom kongen ser på meg med velvilje og han finn det for godt å gje meg det eg bed om og oppfylla det eg ønskjer, så ville eg gjerne at kongen og Haman skulle koma til festen eg vil halda for dei. I morgon skal eg då gjera som kongen seier.»
Haman vil drepa Mordekai
 9 Den dagen gjekk Haman glad og fornøgd derifrå. Men då han fekk sjå at Mordekai, som sat i slottsporten, korkje reiste seg eller var redd han, vart Haman fylt av sinne mot han. 10 Men han la band på seg og gjekk heim. Så bad han venene sine og kona Seresj om å koma. 11 Haman la ut for dei om den store rikdomen sin, om alle sønene sine, og om korleis kongen hadde gjeve han høg rang og sett han over alle stormennene og kongens tenarar. 12 Og han la til: «Eg var jamvel den einaste som fekk koma saman med kongen til den festen som dronning Ester heldt. I morgon òg er eg beden til henne i lag med kongen. 13 Men alt dette er ikkje verdt noko for meg så lenge eg må sjå jøden Mordekai sitja i slottsporten.»
   
14 Då sa kona hans, Seresj, og venene hans til han: «Lat dei setja opp ein påle som er femti alner høg. I morgon skal du be kongen om at dei hengjer Mordekai på den. Så kan du gå glad til festen saman med kongen.» Haman syntest dette var eit godt framlegg, og han fekk pålen oppsett.
Est 5,2 viser til Est 4,11
Est 5,3 viser til Mark 6,22ff
Est 5,9 viser til Est 3,2
Note: 50 alner: ca. 25 m.
Forrige kapittelNeste kapittel

19. oktober 2021

Dagens Bibelord

Jakob 3,4–12

Les i nettbibelen

4Ja, selv store skip, som drives av sterke vinder, kan med et lite ror styres dit styrmannen vil. 5Slik er det også med tungen. Den er en liten kroppsdel, men kan skryte av sin store makt. Ja, en liten ild kan sette den største skog i brann! ... Vis hele teksten

4Ja, selv store skip, som drives av sterke vinder, kan med et lite ror styres dit styrmannen vil. 5Slik er det også med tungen. Den er en liten kroppsdel, men kan skryte av sin store makt. Ja, en liten ild kan sette den største skog i brann! 6Også tungen er en ild, en verden av ondskap blant våre lemmer. Den smitter hele kroppen og setter livshjulet i brann, og selv blir den satt i brann av helvete. 7Alt i naturen, både ville dyr og fugler, krypdyr og fisk, kan temmes og er blitt temmet av mennesket, som selv er en del av naturen. 8Men tungen makter ikke noe menneske å temme, skiftende og ond som den er, full av dødbringende gift. 9Med den lovpriser vi vår Herre og Far, og med den forbanner vi menneskene som er skapt i Guds bilde. 10Fra samme munn kommer det både lovprisning og forbannelse. Slik må det ikke være, mine søsken! 11Strømmer det vel friskt og bittert vann fra samme kilde? 12Mine søsken, kan vel et fikentre bære oliven eller en vinstokk bære fiken? Like lite kan en salt kilde gi friskt vann.