Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til korintarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Rettleiing om gudstenesta
14Jag etter kjærleiken, strev etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk.  2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, for han talar løyndomar ved Anden.  3 Men den som talar profetisk, talar for menneske til oppbygging, formaning og trøyst.  4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv, men den som talar profetisk, byggjer opp forsamlinga.  5 Eg skulle ønskja at de alle tala i tunger, men endå meir at de tala profetisk. For den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så forsamlinga kan bli oppbygd.  6 Set no, sysken, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva nytte har de av det, når eg verken gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære?  7 På same måten er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ei harpe. Om det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då oppfatta kva som blir spela?  8 Og om trompeten gjev eit utydeleg signal, kven rustar seg då til krig?
   
 9 Slik er det med dykk òg: Bruker de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då oppfatta det som blir sagt? Då talar de berre ut i lufta. 10 Same kor mange språk det finst i verda, har alle si meining. 11 Kjenner eg ikkje språket, blir eg ein framand for den som talar, og den som talar, blir ein framand for meg. 12 På same måten er det med dykk: Når de er så ivrige etter åndsgåvene, så søk å bli rike på gåver som byggjer opp forsamlinga! 13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det. 14 For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det. 15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med forstanden. 16 For om du lovar Gud i ånda, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan blir oppbygd av det. 18 Eg takkar Gud for at eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. 19 Men når forsamlinga er samla, vil eg heller tala fem ord med forstanden så eg kan læra andre noko, enn tusenvis av ord i tunger.
   
20 Mine sysken, ver ikkje born når det gjeld forstand! I vondskap skal de vera born, men i forstand skal de vera fullvaksne. 21 Det står skrive i lova:
           Gjennom folk med andre tungemål
           og med andre språk på leppene
           skal eg tala til dette folket,
           men endå vil dei ikkje høyra på meg,
          seier Herren.
22 Så er tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei som ikkje trur. Men profettalen er eit teikn, ikkje for dei som ikkje trur, men for dei truande. 23 Om no heile forsamlinga kjem og er samla og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller menneske som ikkje trur, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet? 24 Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein utanforståande eller ein som ikkje trur, då vil han kjenna seg skulda av alle, ja, dømd av alle. 25 Dei løynde tankane i hjartet hans kjem for dagen, og han vil kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbe Gud og ropa ut: Gud er sanneleg midt imellom dykk!
   
26 Kva inneber så dette, sysken? Når de kjem saman, har kvar av dykk noko å gje. Den eine har ein salme, den andre eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har tungetale, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging! 27 Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller høgst tre om gongen. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda. 28 Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i forsamlinga. Han kan tala for seg sjølv og for Gud. 29 Lat to eller tre tala profetisk, og lat dei andre prøva det som blir sagt. 30 Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den første teia. 31 For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få nytt mot. 32 Profetar kan styra dei profetiske åndene dei har. 33 For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud.
        Liksom i alle forsamlingar av dei heilage
34 skal kvinnene teia når forsamlinga kjem saman. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, som òg lova seier. 35 Men er det noko dei vil læra, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i forsamlinga. 36 Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut? Er det berre til dykk ordet er kome? 37 Om nokon meiner seg å vera profet eller ha åndsgåver, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod. 38 Den som ikkje godtek dette, blir sjølv ikkje godteken.
   
39 Difor, sysken: Ver ivrige etter å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger. 40 Men lat alt gå sømeleg og ordentleg føre seg!
Note: amen: hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». ▶amen.
Note: Mange gamle handskrifter har «Om nokon ikkje skjønar, får han la det vera».
Forrige kapittelNeste kapittel

27. juli 2021

Dagens Bibelord

Apostelgjerningene 20,17–24

Les i nettbibelen

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. ... Vis hele teksten

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. 19Jeg har tjent Herren i all ydmykhet og med tårer i alle de prøvelsene jødene har ført over meg med sine onde planer. 20Dere vet at jeg ikke har holdt noe tilbake som kunne gagne dere, men jeg har forkynt for dere og undervist dere både offentlig og i hjemmene. 21Jeg har vitnet for både jøder og grekere om omvendelsen til Gud og troen på vår Herre Jesus. 22Og nå drar jeg til Jerusalem, bundet av Ånden. Hva som skal møte meg der, vet jeg ikke, 23men Den hellige ånd vitner for meg i by etter by og varsler om lenker og forfølgelser som venter meg. 24Men for meg er ikke liv eller død verdt å snakke om, bare jeg kan fullføre løpet og den tjenesten jeg fikk av Herren Jesus: å vitne om evangeliet om Guds nåde.