Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

20. januar 2021

Dagens Bibelord

Salmane 145,8–17

Les i nettbibelen

8ח Herren er nådig og mild, sein til vreide og rik på miskunn. 9ט Herren er god mot alle, mild mot alt han har skapt. 10י Alle dine skapningar prisar deg, Herre, dine trugne velsignar deg. 11כ Dei fortel om di herlege kongsmakt og talar om ditt velde. ... Vis hele teksten

8ח Herren er nådig og mild, sein til vreide og rik på miskunn. 9ט Herren er god mot alle, mild mot alt han har skapt. 10י Alle dine skapningar prisar deg, Herre, dine trugne velsignar deg. 11כ Dei fortel om di herlege kongsmakt og talar om ditt velde. 12ל Dei lèt menneske læra å kjenna ditt velde, di strålande kongsmakt. 13מ Du er konge gjennom alle tider, du herskar frå slekt til slekt. נ * Herren er påliteleg i alt han seier, trufast i alt han gjer.• 14ס Herren støttar alle som fell, og reiser alle nedbøygde opp. 15ע Alle auge ventar på deg, og du gjev dei mat i rett tid. 16פ Du opnar di hand og mettar alt levande med det gode. 17צ Herren er rettferdig på alle sine vegar, trufast i alt han gjer.