Her vi går

Meditasjonar

Norsk - nynorsk
289,-
Member club:
253,-
More than 200 in stock
ISBN/varenummer: 9788254314227
Utgivelsesår: 2020
Språk: Norsk - nynorsk

Oskar Stein Bjørlykke utforskar i denne boka grenselandet mellom det sansbare og det ugripelege. I ei nyskapande form opnar dikta hans ein mediterande dialog med enkeltståande bibelsitat. Slik kan tekstene vera utgangspunkt for meditasjon og stille ettertanke. Forfattaren fangar undringa over det skjøre, vakre og sårbare livet – Her vi går.

I ein glimt.
Dette må eg bera.
Det veit eg.
Ingen kan ta denne børa frå meg.
Om eg skal vera meg sjølv.
Då må eg bera dette.

Kom til meg, alle de som slit
og har tungt å bera;
eg vil gje dykk kvile!


du der
eg såg rett inn i meg sjølv
du der
eg kan leggja av meg børa
du der
eg kan bera kva som helst

Detaljer:

Language Norsk - nynorsk
ISBN 9788254314227
Number of pages 100
Binding Heftet med klaffer
Release date 2020