Biblar på løpande band

Både kristne og ikkje-kristne kan gå inn i ein bokhandel i ei kyrkje i Kina og kjøpe ein bibel. Men kravet er at biblane skal vere utgjevne av organisasjonar som har løyve til både å trykke og distribuere biblar.

Kvinner ved samlebåndet i bibeltrykkeriet Nanjing

Både Det kristne rådet i Kina og Den nasjonale katolske kyrkja er organisasjonar som er lovleg registrerte og har dette løyvet. Biblane blir produserte ved Amity-trykkeriet og derifrå blir dei sende til kyrker og forsamlingar via 79 distribusjonssenter som er spreidde over heile Kina.

Kva gjer Amity-trykkeriet?

Amity Press i Nanjing blei etablert i 1987 som eit svar på eit spørsmål frå kyrkjeleiinga i Kina. Dei sameinte bibelselskapa (UBS) hjelpte til ved etableringa, og i 1988

blei Amity Printing Company Ltd (APC) danna.

Avtalen var basert på eit samarbeids- prosjekt mellom Amity Foundation (ei samfunnsnyttig stifting oppretta av kristne leiarar i Kina) og Dei sameinte bibelselskapa. Det primære målet var å trykke biblar. Alt det første året produserte APC rundt ein halv million eksemplar av Bibelen.

Trykkeriet flytta til eit nytt anlegg i mai 2008: ein 87 000 kvadratmeter stor fabrikk, med kapasitet til å trykke opptil 25 millionar innbundne bøker i året.

Luftfoto av Amity-trykkeriet i Nanjing

Frå starten i 1987 og fram til desember 2021 er det trykt over 227 millionar eksemplar av Bibelen ved Amity-trykkeriet i Nanjing.

Gi ei gåve til bibelarbeidet i Kina

Etableringa av Amity Printing Company har bidratt til å sikre ei kontinuerleg forsyning av biblar til heile det kristne Kina. Støtte frå Dei sameinte bibelselskapa og gåver frå bibelvener i Noreg og heile verda, har halde prisen på biblar låg. Sidan 1980-tallet har det vore ein utruleg vokster i kyrkjene, og fram til i dag har trykkeriet møtt den store lengten millionar av kinesarar har etter Guds ord.

Frå starten i 1987 og fram til desember 2021 er det trykt over 227 millionar eksemplar av Bibelen. Bortimot 89 millionar av desse er distribuerte rundt om i Kina, og i dette talet ligg det òg biblar på ti ulike minoritetsspråk og ei utgåve i blindeskrift.

Dei resterande 138 millionar biblar er trykte på meir enn 190 språk, og eksporterte til utanlandske kundar i over 140 forskjellige land og territorium rundt om i verda, spesielt i dei afrikanske landa.

Kor mange biblar skal trykkast i 2022?

Basert på talet av biblar som blei trykte i 2021, har styresmaktene for 2022 godkjent 2,4 millionar bibeleksemplar (medrekna både protestantiske og katolske biblar).

Alle publikasjonar i Kina, både religiøse og sekulære, må kvart år sende inn ein søknad til styresmaktene om kor mange biblar, inkludert billige biblar, som kan trykkast og distribuerast same året. Dette gjeld alle: Det kristne rådet i Kina, Den kinesiske patriotiske katolske organisasjonen og Den kinesiske katolske biskop-konferansen.

Når løyvet til å trykke biblar er godkjend, vil kyrkjene leggje inn ei tinging hos Amity Press Company (APC). Det er Amity som trykker og bind inn biblane.


Bokblokker i stabel ved Amity-trykkeriet i Nanjing

Kulturrevolusjonen og bibelunderet

Kulturrevolusjonen var ein omfattande politisk kampanje som starta i Kina i april 1966. Revolusjonen tok sikte på ei gjennomgripande endring av samfunnet.

Gamle tradisjonar, institusjonar og kultur skulle bort for å skape eit nytt, kommunistisk samfunn. Initiativtakar var leiaren av det kinesiske kommunistpartiet, Mao Zedong.
Offisielt blei kulturrevolusjonen avslutta i oktober 1976 då dei fremste leiarane, den såkalla «Firarbanden», blei arrestert.

I denne perioden var all religiøs aktivitet forbode. Biblar blei konfiskerte og brente. Berre eit tiår seinare blei det som i dag er det største bibeltrykkeriet i verda etablert i Nanjing.
Sidan slutten av kultur- revolusjonen har talet på kinesiske kristne vakse til meir enn 46 millionar (basert på offisielle anslag) og 100 millionar (basert på uoffisielle anslag).


Ved Amity-trykkeriet er det sidan 1987 trykt heile 230 millionar biblar.