Gå til forsiden

Amos

3

Utveljing og ansvar

1 Høyr dette ordet som Herren talar mot dykk, de israelittar,

mot heile den slekta eg førte opp frå Egypt:

2 Berre dykk ville eg kjennast ved

mellom alle slektene på jorda.

Difor vil eg straffa dykk

for alle syndene dykkar.

Profetkallet tvingar

3 Går vel to i lag

utan å ha ein avtale?

4 Brøler vel løva i skogen

utan å ha eit bytte?

Knurrar ungløva i hòla

utan å ha fanga noko?

5 Fell vel fuglen til jorda

utan at ei felle er sett opp?

Sprett snara frå marka

utan at ho har fanga noko?

6 Gjallar hornet i byen

utan at folket skjelv?

Skjer det ei ulukke i byen

utan at Herren har gjort det?

7 Nei, Herren Gud gjer ikkje noko

utan å openberra sitt løynde råd

for tenarane sine, profetane.

8 Løva brøler

– kven blir ikkje redd?

Herren Gud talar

– kven blir ikkje profet?

Dom over Samaria

9 Lat det høyrast over borgene i Asjdod

og over borgene i Egypt, og sei:

Kom saman på fjella kring Samaria!

Sjå den store forvirringa hos henne

og undertrykkinga i byen!

10 Dei veit ikkje å gjera det rette,

seier Herren.

Dei dyngjer opp vald og ran i borgene sine.

11 Difor seier Herren Gud:

Fienden skal omringa landet,

riva ned festninga di,

borgene skal plyndrast.


12 Så seier Herren:

Som gjetaren bergar

to leggbein eller ein øyreflipp frå løvegapet,

slik skal israelittane bergast,

dei som sit i sofahjørne i Samaria

og på divanar i Damaskus.

13 Høyr og ver vitne mot Jakobs hus!

seier Herren Gud, allhærs Gud.

14 Ja, den dagen eg straffar Israel

for syndene deira,

lèt eg straffa råka altara i Betel.

Altarhorna blir hogne av

og fell til jorda.

15 Då knuser eg både vinterhus og sommarhus.

Elfenbeinshus skal gå til grunne

og store bygningar siga i røys,

seier Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.