Gå til forsiden

Amos

8

Enden er komen for Israel

1 Dette viste Herren Gud meg:

Sjå, ei korg med mogen frukt.

2 Han sa: «Kva ser du, Amos?»

Eg svara: «Ei korg med mogen frukt.»

Då sa Herren til meg:

«Enden er komen for mitt folk Israel,

eg vil ikkje lenger bera over med det.

3 Songarinnene på slottet

skal jamra den dagen,

seier Herren Gud.

Lik i mengd ligg slengde overalt. Hysj!»

Herrens dom over uærleg handel

4 Høyr dette, de som trakkar fattige ned

og gjer ende på dei hjelpelause i landet!

5 De seier: «Når er nymånefesten over,

så vi kan selja korn,

og sabbaten til ende,

så vi kan opna kornsalet?

Då gjer vi målet for lite

og prisen for høg

og fuskar med falske vekter.

6 Då kjøper vi småkårsfolk for pengar,

ein fattig for eit par sandalar,

og sel avfallskorn!»


7  Herren har svore ved Jakobs byrgskap:

Aldri skal eg gløyma

noko av det dei har gjort!

8 Må ikkje jorda skjelva for slikt,

så alle som bur der, sørgjer?

Ja, må ho ikkje fløyma som Nilen,

stiga og siga som elva i Egypt?

Ulukkedagen

9 Den dagen, seier Herren Gud,

lèt eg sola gå ned ved middagstid

og gjer jorda mørk ved høglys dag.

10 Festane gjer eg til sørgjehøgtider

og alle songane til likklage,

eg legg sekkestrie om alle hofter

og lèt kvart hovud rakast snautt,

som i sorg over einaste sonen.

Enden blir ein bitter dag.

Svolt etter Herrens ord

11 Sjå, dagar skal koma, seier Herren Gud,

då eg sender svolt i landet,

ikkje svolt etter brød

og ikkje tørste etter vatn,

men etter å høyra Herrens ord.

12 Dei skal flakka om frå hav til hav,

streifa omkring frå nord til aust

og leita etter Herrens ord,

men dei skal ikkje finna det.


13 Den dagen skal fine møyar og unge menn

siga om av tørste.

14 Dei som sver ved Samarias synd

og seier: «Så sant din gud lever, Dan»

og: «Så sant din veg lever, Beer-Sjeba»,

dei skal falla og aldri reisa seg meir.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.