Gå til forsiden

Amos

7

Syn om Israels undergang

1 Dette viste Herren Gud meg:

Sjå, han skapte grashopper

då graset tok til å veksa etter slåtten.

Sjå, det var etterveksten etter kongens slåttonn.

2 Då dei hadde ete opp alt graset i landet,

sa eg: «Tilgjev, Herre Gud!

Korleis kan Jakob stå seg,

så liten som han er?»

3 Då angra Herren på dette.

«Det skal ikkje skje», sa Herren.


4 Dette viste Herren Gud meg:

Sjå, Herren Gud kalla elden til strid.

Han slukte det store djupet

og heldt på å eta opp åkrane.

5 Då sa eg: «Hald opp, Herre Gud!

Korleis kan Jakob stå seg,

så liten som han er?»

6 Då angra Herren på dette.

«Heller ikkje det skal skje», sa Herren Gud.


7 Dette viste han meg:

Sjå, Herren stod på ein loddrett mur,

i handa hadde han eit blylodd.

8  Herren sa til meg:

«Kva ser du, Amos?»

Eg svara: «Eit blylodd.»

Då sa Herren: «Sjå, eg senkar loddet

midt i Israel, folket mitt.

Eg vil ikkje lenger ha tol med det.

9 Isaks offerhaugar skal øydast

og Israels heilagdomar siga i røys.

Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»

Amos blir bortvist frå Betel

10 Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje tola alle orda hans. 11 For Amos seier:

«Jeroboam skal døy for sverd,

og Israel skal drivast i eksil,

bort frå landet sitt.»

12 Sidan sa Amasja til Amos:

Du sjåar, gå din veg, kom deg av stad til Juda!

Der kan du eta ditt brød,

der kan du profetera.

13 I Betel får du ikkje lenger profetera,

for det er ein kongeleg heilagdom,

eit rikstempel.

14 Då tok Amos til ords og sa til Amasja:

Ikkje er eg profet og ikkje profetlæresvein.

Eg held husdyr og dyrkar fiken.

15 Men Herren tok meg bort frå saueflokken,

og Herren sa til meg:

«Gå og tal profetord til Israel, folket mitt!»

16 Høyr no Herrens ord:

Du seier: «Ikkje tal profetord mot Israel,

ikkje spå mot Isaks hus!»

17 Difor seier Herren:

«Kona di skal vera hore i byen,

sønene og døtrene dine skal falla for sverd.

Jorda di skal delast med målesnor,

du sjølv skal døy på urein jord,

og Israel skal drivast i eksil frå landet sitt.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.