Gå til forsiden

Esekiel

30

Herrens dag er nær for Egypt

1  Herrens ord kom til meg: 2 Menneske, tal profetord og sei:


Så seier Herren Gud:

Klag og skrik: For ein dag!

3 Dagen er nær,

Herrens dag er nær,

ein skytung dag.

Tida er inne

for folkeslaga.

4 Sverdet kjem over Egypt.

Rier av redsle grip Kusj

når egyptarar blir drepne,

når rikdomane blir tekne frå dei

og grunnmurane jamna med jorda.

5 Kusj og Put,

Lud og alle ørkenfolka,

Kub og menn frå land dei står i pakt med,

skal falla for sverd saman med dei.


6 Så seier Herren:

Dei som støttar Egypt, skal falla.

Den stolte makta deira skal gå under.

Frå Migdol til Syene skal dei falla for sverd,

seier Herren Gud.

7 Dei skal leggjast aude mellom øydde land,

byane skal liggja mellom ruinbyar.

8 Dei skal kjenna at eg er Herren

når eg set eld på Egypt

og alle som hjelper det, blir knuste.

9 Den dagen skal sendebod frå meg

dra ut med skip

for å skremma det trygge Kusj.

Rier av redsle grip dei

når dagen kjem for Egypt.

For sjå, han kjem!


10 Så seier Herren Gud:

Eg gjer ende på rikdomane i Egypt

med handa til Nebukadnesar, kongen i Babel.

11 Han og folket hans med han,

brutale folkeslag,

skal førast dit for å herja landet.

Dei skal dra sverd mot Egypt

og fylla landet med falne.

12 Eg lèt elvane tørka ut

og gjev landet i hendene på vonde.

Med handa til framande

øydelegg eg landet og alt som fyller det.

Eg, Herren, har tala.


13 Så seier Herren Gud:

Eg lèt avgudane gå til grunne

og gjer ende på fillegudane i Nof.

Det skal ikkje lenger finnast nokon fyrste frå Egypt.

Eg spreier redsle i landet.

14 Eg legg Patros audt,

set eld på Soan

og held dom over No.

15 Eg auser ut min harme over Sin,

festningsbyen i Egypt,

og øydelegg rikdomane i No.

16 Eg set eld på Egypt,

Sin skal vri seg i smerte,

No skal stormast

og Nof takast midt på lyse dagen.

17 Dei unge mennene i On og Pi-Beset

skal falla for sverd,

og kvinnene må fara i fangenskap.

18 I Tahpanhes blir dagen mørk

når eg bryt herskarstavane i Egypt

så den stolte makta tek slutt.

Skyer skal dekkja byen,

døtrene hennar må fara i fangenskap.

19 Eg held dom over Egypt.

Dei skal kjenna at eg er Herren.

Faraos makt er broten

20 Det var i det ellevte året, på den sjuande dagen i den første månaden. Herrens ord kom til meg:


21 Menneske, eg har brote armen

på farao, kongen i Egypt.

Sjå, ingen har forbunde han

så han kan bli frisk att.

Ingen har lagt han i fatle

så han blir sterk nok til å gripa sverdet.

22 Difor seier Herren Gud:

Sjå, eg kjem mot farao, kongen i Egypt.

Eg bryt begge armane hans,

både den sterke og den brotne.

Eg slår sverdet ut av handa hans.

23 Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga

og strør dei ut i landa.

24 Eg styrkjer armane til kongen i Babel

og gjev han mitt sverd i handa,

men armane til farao bryt eg.

Med banesår skal han sukka

og stønna framfor han.

25 Eg styrkjer armane til kongen i Babel,

men armane til farao skal siga.

Dei skal kjenna at eg er Herren

når eg legg sverdet mitt i handa på Babel-kongen

og han retter det mot Egypt.

26 Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga

og strør dei ut i landa.

Dei skal kjenna at eg er Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.