Gå til forsiden

Esekiel

29

Domsord mot Egypt

1 Det var i det tiande året, på den tolvte dagen i den tiande månaden, at Herrens ord kom til meg: 2 Menneske, vend deg mot farao, kongen i Egypt! Tal profetord mot han og heile Egypt. 3 Tal og sei:


Så seier Herren Gud:

Sjå, eg kjem over deg,

farao, konge over Egypt,

store uhyre

som ligg roleg i elvane,

du som seier: «Nilen er mi,

eg har laga ho sjølv.»

4 Eg set krokar i kjakane på deg

og klistrar fisk frå elvane dine

fast til skjela dine.

Eg dreg deg opp or elvane,

og all fisk frå elvane

klistrar seg fast til skjela dine.

5 Eg slengjer deg ut i ørkenen,

deg og all fisken frå elvane.

Du skal bli liggjande på marka,

og ingen kan samla eller sanka deg saman.

Eg gjev deg til føde for villdyra på jorda

og for fuglane under himmelen.

6 Då skal alle som bur i Egypt,

kjenna at eg er Herren,

for dei har vore ein røyrstav for Israels hus.

7 Når dei grip deg i handa, blir du knekt,

men du flengjer armen på dei.

Når dei stør seg på deg, blir du knust,

men du gjer alle hofter kraftlause.


8 Difor seier Herren Gud:

Sjå, eg lèt sverd koma over deg,

eg ryddar ut både menneske og dyr.

9 Egypt skal bli øydemark og ørken,

dei skal kjenna at eg er Herren.

Farao sa: «Nilen er mi, eg har laga henne.»

10 Difor kjem eg mot

både deg og elvane dine,

eg gjer Egypt til ruinrøys og øydemark,

frå Migdol til Syene,

til grensa mot Kusj.

11 Der skal menneskefot ikkje trø

og dyrefot ikkje trakka.

Ingen skal bu der på førti år.

12 Eg gjer Egypt til ei øydemark

mellom land som er lagde i øyde.

Byane skal liggja øydde

mellom ruinbyar i førti år.

Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga

og strør dei ut i landa.


13 Men så seier Herren Gud:

Etter førti år

vil eg samla egyptarane

frå folka dei er spreidde imellom.

14 Då vender eg lagnaden for egyptarane.

Eg fører dei tilbake til Patros,

landet dei kom ifrå.

Der skal dei bli til eit lite kongerike.

15 Det skal bli mindre enn andre rike

og aldri meir lyfta seg over folkeslaga.

Eg lèt dei bli så få

at dei ikkje kan herska over andre.

16 Hos dei skal israelittane aldri meir søkja tilflukt.

Dei skal vedkjennast si skuld

fordi dei vende seg til egyptarane.

Dei skal kjenna at eg er Herren Gud.

Babel-kongen får løn for strevet

17 Det var i det tjuesjuande året, på den første dagen i den første månaden. Herrens ord kom til meg: 18 Menneske! Nebukadnesar, kongen i Babel, har late hæren sin streva hardt mot Tyros. Kvart hovud er snaua, kvar skulder er flådd. Men verken han eller hæren har fått løn av Tyros for alt strevet.

19 Difor seier Herren Gud: Sjå, no gjev eg Egypt til Nebukadnesar, kongen i Babel. Han skal føra bort rikdomane, plyndra og røva og ta bytte og rov. Det skal hæren hans ha i løn. 20 Eg gjev han Egypt til løn for det strevet han har hatt for meg i landet, seier Herren Gud.

21 Den dagen lèt eg eit horn veksa fram i Israels hus. Og eg opnar din munn midt imellom dei. Dei skal kjenna at eg er Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.