Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Domarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Dan slår seg ned i nord
18I dei dagane var det ingen konge i Israel, og Dan-stammen leita etter eit eige område der dei kunne busetja seg. For det hadde ikkje falle nokon eigedom på dei mellom stammane i Israel.  2 Dans etterkomarar sende då ut fem mann av ætta si, av deira eigne, djerve menn frå Sora og Esjtaol. Dei skulle spionera i landet og utforska det. Og dei sa til dei: «Gå av stad og utforsk landet!»
        Mennene kom til huset åt Mika i Efraim-fjella og overnatta der.
 3 Då dei var i nærleiken av huset til Mika, kjende dei att røysta til den unge levitten. Så tok dei av frå vegen og spurde han: «Kven har ført deg hit? Kva gjer du her, og kvifor er du her?»  4 Då fortalde han om alt det Mika hadde gjort for han. «Han har teke meg i si teneste», sa han, «eg er prest hos han.»  5 Då sa dei: «Spør Gud for oss, så vi får vita om den ferda vi er ute på, skal lukkast.»  6 Presten svara: «Far i fred! Herren skal ha auge med vegen der de ferdast.»
   
 7 Så fór dei fem mennene og kom til Lajisj. Dei såg at folket der på staden levde sorglaust på same måten som sidonarane: roleg og sorglaust. Ingen som hadde makt i landet, gjekk dei for nær. Langt borte var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk.
   
 8 Då mennene kom heim att, spurde brørne deira i Sora og Esjtaol: «Korleis gjekk det?»  9 Dei svara: «Kom, lat oss fara opp mot dei! Vi har sett at det er eit framifrå land. Og de sit i ro her! Dryg ikkje med å dra av stad og ta landet! 10 Når de kjem dit, kjem de til eit sorglaust folk. Landet er romsleg og vidt. Gud har gjeve det i hendene dykkar. Dette er eit land der det ikkje vantar nokon verdsens ting.»
   
11 Så tok dei i veg, seks hundre fullvæpna menn av Dan-slekta, frå Sora og Esjtaol. 12 Då dei var komne opp i høgda, slo dei leir i Kirjat-Jearim i Juda. Difor har den staden vorte kalla Dan-leiren heilt til denne dag. Han ligg vest for Kirjat-Jearim. 13 Derifrå drog dei over Efraim-fjella og kom til huset åt Mika. 14 Dei fem mennene som hadde gått og spionert i Lajisj-landet, sa då til brørne sine: «Veit de at i desse husa er det ein efod, nokre terafar, eit utskore gudebilete og eit støypt bilete? No veit de vel kva de har å gjera.»
   
15 Så tok dei vegen dit og kom til huset åt Mika der den unge levitten budde, og dei helsa på han. 16 Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dan-stammen vart ståande i porten, 17 gjekk dei fem som hadde vore og spionert i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene. 18 Dei andre hadde gått inn i huset til Mika og henta det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Då sa presten til dei: «Kva er det de gjer?» 19 «Tei stille!» svara dei. «Hald handa for munnen! Kom heller med oss og ver far og prest for oss! Er det ikkje betre for deg å vera prest for ein stamme og ei ætt i Israel enn for huset til ein einskild mann?» 20 Då vart presten glad. Han tok efoden, terafane og det utskorne gudebiletet og gav seg i lag med flokken. 21 Så snudde dei og gjekk. Og borna, buskapen og det dei eigde, hadde dei fremst i ferda.
   
22 Dei var alt komne langt ifrå huset der Mika budde, før mennene i grannelaget til Mika fekk samla seg. Då dei nådde att danittane 23 og ropa på dei, snudde danittane seg og sa til Mika: «Kva er det du vil, sidan du har samla folka dine?» 24 Han svara: «De har teke gudane mine som eg har laga, og drege av garde med presten min. Kva har eg så att? Og endå spør de meg kva eg vil!» 25 Då sa danittane til han: «Lat oss ikkje høyra eit ord meir av deg! Elles kunne misnøgde folk slå dykk ned og drepa både deg og dine.» 26 Så fór danittane sin veg. Og då Mika såg at dei var for sterke for han, snudde han og drog heim att.
   
27 Då dei hadde teke det som Mika hadde laga, og presten som var hos han, drog dei mot Lajisj og mot det rolege og sorglause folket der. Folket hogg dei ned med sverd, byen brende dei med eld, 28 og det var ingen som hjelpte. For dei budde langt frå Sidon og hadde ikkje noko å gjera med andre folk. Byen låg i den dalen som høyrer Bet-Rehob til. Dei bygde han opp att og busette seg der. 29 Dei kalla byen Dan etter stamfar sin, son til Israel. Før heitte byen Lajisj. 30 Der sette dei opp det utskorne gudebiletet, og etterkomarane av Jonatan og Jonatan sjølv, som var son til Gersjom og soneson til Moses, var prestar for Dan-stammen heilt til den dagen då folket vart bortført frå landet. 31 Det utskorne gudebiletet som Mika hadde laga, vart ståande hos dei så lenge Guds hus var i Sjilo.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. juni 2022

Dagens bibelord

1. Korinter 9,24–27

Les i nettbibelen

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. ... Vis hele teksten

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. 26Jeg løper derfor ikke uten å ha et mål. Jeg er heller ikke lik en nevekjemper som slår i løse luften. 27Nei, jeg kjemper mot meg selv og tvinger kroppen til å lystre, for at ikke jeg som har forkynt for andre, selv skal komme til kort.