Gå til forsiden

Salmane

114 

1 Då Israel drog ut frå Egypt,

Jakobs hus frå eit framandt folk,

2 då vart Juda hans heilagdom

og Israel hans rike.

3 Havet såg det og rømde,

Jordan snudde og rann tilbake.

4 Fjella hoppa som vêrar

og haugane som lam.


5 Kva har hendt deg, hav, sidan du rømmer,

sidan du snur og renn tilbake, Jordan,

6 sidan de hoppar som vêrar, de fjell,

og som lam, de haugar?


7 Jord, skjelv for Herrens andlet!

Skjelv for Jakobs Gud,

8 han som gjer berget til ein innsjø

og harde fjellet til ei vassrik kjelde.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.