Gå til forsiden

Salmane

138 

1 Av David.


Eg vil takka deg av heile mitt hjarte,

syngja og spela framfor gudar.

2 Eg bøyer meg mot ditt heilage tempel,

eg prisar ditt namn for di miskunn og din truskap.

Du har gjort ditt namn og ditt ord

større enn alt.

3 Du svara meg den dagen eg ropa,

du fylte meg med styrke.


4 Alle kongar på jorda skal takka deg, Herre,

når dei høyrer orda frå din munn.

5 Dei skal syngja om Herrens vegar,

for Herrens herlegdom er stor.

6 Høg er Herren, men han ser den låge

og kjenner den stolte på lang avstand.


7 Går eg i trengsle, held du meg i live,

du retter handa ut mot mine arge fiendar,

di høgre hand bergar meg.

8  Herren skal gjera vel mot meg.

Herre, di miskunn varer evig.

Svikt ikkje ditt verk!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.