Gå til forsiden

Salmane

41 

1 Til korleiaren. Ein salme av David.


2 Sæl er den som har omsorg for dei veike.

På ulukkedagen friar Herren han ut.

3  Herren vernar han og held han i live,

lukkeleg er han i landet.

Du overgjev han ikkje til grådige fiendar!

4  Herren styrkjer han i sjukdomen;

du forvandlar leiet hans når han er sjuk.


5 Men eg seier: « Herre, ver meg nådig;

læk meg, for eg har synda mot deg!»

6 Fienden talar vondt om meg:

«Når skal han døy og namnet hans gå til grunne?»

7 Kjem det ein og ser til meg,

talar han tomme ord.

Hjartet hans samlar på det vonde,

så går han ut og talar om det.


8 Alle som hatar meg, kviskrar saman,

dei legg vonde planar mot meg:

9 «Noko vondt har råka han,

no ligg han der og står aldri meir opp.»

10 Jamvel venen min som eg leit på,

han som åt ved mitt bord,

lyfter hælen mot meg.


11 Men du, Herre, ver meg nådig og reis meg opp,

så eg kan gje dei att.

12 Når fienden ikkje får triumfera over meg,

veit eg at du har di glede i meg.

13 Fordi eg er heil, held du meg fast,

du lèt meg alltid stå for ditt andlet.


14 Velsigna er Herren, Israels Gud,

frå æve til æve!

Amen! Ja, amen!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.