Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

64 

1 Gjev du reiv himmelen sund og steig ned, so fjelli skalv for di åsyn, som elden fatar i risved og fær vatnet til å koka - til å kunngjera namnet ditt for dine motmenn, so folki laut skjelva for di åsyn, 2 når du gjorde skræmeverk som me ikkje venta, når du steig ned, og fjelli skalv for di åsyn! 3 Aldri hev nokon spurt eller høyrt, aldri hev auga set nokon annan gud enn du gjera slikt for dei som ventar på han. 4 Du kjem imot dei som gjer rettferd med gleda, dei som kjem deg i hug på vegane dine. Sjå, du vart harm, og me synda; so var det med oss frå gamalt, kunde me då verta frelste? 5 Me vart alle i hop som ein urein, og all vår rettferd som eit tilsulka plagg, som lauvet visna me alle saman, og våre misgjerningar bles oss burt som vinden. 6 Det finst ingen som kallar på namnet ditt, som mannar seg upp til å halda fast på deg; for du hev løynt di åsyn for oss og gjeve oss våre misgjerningar i vald til å tærast upp. 7 Men no, Herre! Du er vår far; me er leiret, og du den som formar oss, og eit verk av di hand er me alle. 8 Herre, ver ikkje so ovleg harm, og tenk ikkje æveleg på misgjerning! Men sjå på at me alle er ditt folk! 9 Dine heilage byar hev vorte øydemark; Sion hev vorte ei øydemark; Jerusalem ei audn. 10 Vårt heilage hus, det herlege, der federne våre lova deg, hev vorte uppbrent med eld, og alt som var vår hugnad, hev vorte grushaugar. 11 Vil du med alt dette halda deg att, Herre? Vil du tegja og trykkja oss so tungt?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.