Gå til forsiden

Jesaja

65 

1 Eg baud meg fram for dei som ikkje spurde; eg var å finna for dei som ikkje søkte meg; eg sa til eit heidningfolk som ikkje bar mitt namn: Her er eg, her er eg! 2 All dagen rette eg ut mine hender til eit trassigt folk, som fer den vegen som ikkje er god, etter sine eigne tankar, 3 til eit folk som allstødt krenkjer meg midt i syni, som ofrar i hagane og brenner røykjelse på tiglstein, 4 som sit i gravene og nattar i løyndarhol, som et svinekjøt og hev ufyseleg sòd i skålene sine, 5 som segjer: Haldt deg undan, ikkje rør meg, for eg er heilag for deg! Dei folk er som røyk i nasen min, ein eld som logar all dagen. 6 Sjå, det stend skrive for augo mine: Eg vil ikkje tegja fyrr eg fær gjeve att, ja gjeve dei att uppi fanget, 7 både for dykkar eigne brot, segjer Herren, og broti åt federne dykkar, at dei brende røykjelse på fjelli og hædde meg på haugane; løni deira vil eg framfor alt mæla upp og gjeva dei upp i fanget. 8 So segjer Herren: Liksom dei segjer når det finst saft i druva: Skamfar henne ikkje, for det er signing i henne, so vil eg gjera for mine tenarar skuld og ikkje tyna heile folket. 9 Men eg vil lata ei ætt koma frå Jakob og frå Juda ein erving til fjelli mine, og mine utvalde skal erva landet, og der skal mine tenarar bu. 10 Og Saron skal verta til sauebeite, og Akordalen til læger for bufe, til gagn for mitt folk, som søkjer meg. 11 Men de som gjeng burt ifrå Herren, de som gløymer mitt heilage fjell, de som dukar bord for Gad og fyller staupet med kryddevin for Meni, 12 dykkar lagnad skal vera sverdet, de skal alle få bøygja dykk til slakting, for di de ikkje svara då eg ropa, og ikkje høyrde då eg tala, men gjorde det som eg mislika, og valde det eg ikkje tykte um. 13 Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Sjå, tenarane mine skal eta, men de skal svelta; sjå, tenarane mine skal drikka, men de skal tyrsta; sjå, tenarane mine skal fegnast, men de skal skjemmast; 14 sjå, tenarane mine skal jubla av hjartans lyst, men de skal skrika av hjarteverk, og hugbrotne skal de hyla. 15 Dykkar namn skal de lata etter til ein eid for mine utvalde, og Herren, Israels Gud, skal drepa deg; men tenarane sine skal han gjeva eit anna namn, 16 so den som velsignar seg på jordi, skal velsigna seg i den trufaste Gud, og den som sver på jordi, skal sverja ved den trufaste Gud. For dei fyrre trengslor er gløymde og løynde for augo mine. 17 For sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord, og det gamle skal ikkje hugsast meir og ikkje renna nokon i hugen. 18 Nei, fegnast og frygdast til æveleg tid for det som eg skaper! For Jerusalem skaper eg um til frygd og folket der til fagnad. 19 Og eg vil frygda meg yver Jerusalem og fegnast yver mitt folk, og det skal ikkje meir høyrast gråt eller klagerop der. 20 Det skal ikkje lenger finnast der eit barn som berre lever nokre dagar, eller ein gamal mann som ikkje fyller dagetalet sitt; nei, den som døyr ung, skal døy hundrad år gamal, og dei hundrad skal den syndaren nå som vert forbanna. 21 Dei husi dei byggjer, skal dei sjølve få bu i, og dei vinhagane dei plantar, skal dei sjølve eta frukti av; 22 ikkje skal dei byggja og ein annan bu, ikkje skal dei planta og ein annan eta; nei, folket mitt skal nå same alder som treet og mine utvalde skal sjølv få njota frukti av sitt arbeid. 23 Dei skal ikkje streva til fåfengs og ikkje få born som brått skal døy; for dei er Herrens velsigna ætt, og sitt avkjøme fer dei hava hjå seg. 24 Og det skal vera so at fyrr dei ropar, vil eg svara, medan dei endå talar, vil eg høyra. 25 Ulv og lamb skal beita saman, og løva skal eta halm som uksen, og ormen skal hava mold til mat; ingen skal gjera vondt eller ugagn på heile mitt heilage fjell, segjer Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.