Gå til forsiden

Amos

6

Ve dei sorglause på Sion

1 Ve dei sorglause på Sion

og dei trygge på Samarias fjell,

dei gjævaste av det fremste folkeslaget,

dei som Israels hus vender seg til.


2 Far til Kalne og sjå,

gå derifrå til Hamat-Rabba

og far ned til Gat i Filistarland!

Er de betre enn desse rika?

Har dei eit større område enn de?

3 De vil jaga ulukkedagen bort,

men set vald i høgsetet.


4 Dei ligg på elfenbeinsbenker

og strekkjer seg på divanar,

dei et lam frå saueflokken

og gjøkalvar frå buskapen.

5 Dei skrålar til harpespel

som var dei David,

og reknar instrumenta hans som sine.

6 Dei drikk vin av offerskåler

og salvar seg med den finaste olje,

men lid ikkje under Josefs samanbrot.

7 Difor skal dei no drivast i eksil,

fremst mellom dei bortførte.

Då blir det slutt på festsamlingane

der dei ligg og dreg seg.

Gud straffar Samaria

8 Herren Gud har svore ved seg sjølv,

seier Herren, allhærs Gud:

Eg avskyr Jakobs byrgskap

og hatar borgene der.

Eg utleverer byen og alt som er i han.


9 Er det ti overlevande i eit hus, skal dei døy.

10 Når ein ven eller slektning ber knoklane ut or huset,

spør han den som er inst i huset:

«Er det fleire att hos deg?»

Og han svarar: «Nei, ingen.»

Då seier han: «Hysj!»

for Herrens namn må ikkje nemnast.

11 Sjå, Herren byd,

og han slår det store huset i knas

og det vesle huset i bitar.


12 Spring vel hestar opp bratte fjellet,

pløyer ein det med oksar?

Men de gjer retten om til gift

og rettferds frukt til malurt.

13 De gleder dykk over Lo-Dabar og seier:

«Sanneleg. Det var med eiga kraft vi tok Karnajim.»

14 Sjå, no reiser eg eit folk

mot deg, Israels hus,

seier Herren, allhærs Gud.

Dei skal undertrykkja dykk

frå Lebo-Hamat til Araba-bekken.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.