Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Baruk

3 

1 Herre, allherskar, Israels Gud! Ei sjel i angst og ei nedbroten ånd ropar til deg. 2 Lytt, Herre, og syn miskunn! For vi har synda mot deg. 3  Du tronar for evig, og vi går for evig under. 4 Herre, allherskar, Israels Gud! Høyr no bøna frå Israels døde og frå borna til dei som stadig synda mot deg. Dei høyrde ikkje på røysta til Herren sin Gud, difor har ulukka forfølgt oss. 5  Hugs ikkje på syndene til fedrane våre, men hugs di sterke hand og ditt namn i denne tida. 6 For du er Herren vår Gud, og vi vil prisa deg, Herre. 7  Du har lagt frykta for deg i hjarta våre, for at vi skal kalla på namnet ditt og prisa deg medan vi er i eksil. For vi har reinsa hjarta våre for all urett som fedrane våre gjorde då dei synda mot deg. 8 Sjå, i dag er vi alle i eksil på kvar vår stad, der du har spreidd oss ut til spott og forbanning og straffedom for all uretten fedrane våre gjorde, dei som fall frå Herren vår Gud.

Lovprising av Visdomen

9  Høyr, Israel, livsens bod!

Vend øyret til, lær klokskap å kjenna!

10 Kvifor, Israel, kvifor lever du i fiendeland,

eldest i eit framandt land,

11  urein som dei døde,

rekna mellom dei som er i dødsriket?

12  Du har forlate Visdoms kjelde.

13 Hadde du følgt Guds veg,

då skulle du budd i evig fred.

14 Lær kvar klokskap er,

kvar kraft er, kvar innsikt er,

så du samstundes kan kjenna

kvar liv og lang levetid er,

kvar lys i auga og fred er.


15  Kven har funne staden hennar,

kven har kome inn i skattkammera hennar?

16  Kvar er leiarane for folkeslaga

og dei som herskar over dyra på jorda,

17 dei som leikar med fuglane under himmelen

og samlar seg skattar av sølv og gull

som menneske set si lit til

– det er ingen ende på samlinga deira,

18 dei som formar sølvet med omtanke

– deira verk er ikkje til å skjøna.

19 Dei er borte og har stige ned til dødsriket

og andre står i deira stad.

20 Nye slekter såg lyset og budde på jorda,

men vegen til innsikt kjende dei ikkje.

21 Dei skjøna ikkje stigane hennar,

dei fekk heller ikkje tak i henne.

Borna deira kom langt bort frå vegen hennar.

22 Heller ikkje vart ho høyrd i Kanaan

og ikkje sett i Teman.

23 Hagars søner, som søkte innsikt på jorda,

handelsmenn frå Merran og Teman,

dei som fortalde fablar og dei som søkte innsikt

– vegen til Visdomen kjende dei ikkje,

dei hadde ikkje tanke for stigane hennar.


24 Israel, kor stort Guds hus er,

kor vid og brei staden han eig,

25 stort og utan grense,

høgt og utan mål.

26  Der vart kjempene fødde,

dei namngjetne, dei frå opphavet,

dei velvaksne, dugande i strid.

27 Det var ikkje desse Gud valde seg ut,

vegen til kunnskap synte han dei heller ikkje.

28 Dei gjekk til grunne fordi dei var utan forstand,

dei gjekk til grunne i rådløyse.


29  Kven har stige opp til himmelen og gripe henne,

kven har ført henne ned frå skyene?

30 Kven har fare over havet og funne henne,

kven vil henta henne heim for gull av beste slag?

31 Ingen kjenner vegen til henne,

og ingen legg merke til stigen hennar.


32  Men han som veit alt, kjenner henne,

han fann henne med si innsikt.

Han forma jorda for all tid,

fylte henne med firbeinte dyr.

33  Han som sender ut lyset så det fer fram,

han kalla på det,

og det lydde han i redsle.

34 Stjernene stråla då dei heldt vakt,

og dei var glade.

35 Han kalla på dei, og dei svara: «Her!»

Dei stråla i fryd for han som laga dei.

36  Dette er vår Gud,

ingen annan kan jamførast med han.

37 Han kjende all kunnskaps veg

og gav henne til Jakob, tenaren sin,

og til Israel, som er elska av han.

38  Sidan vart Visdomen synleg på jorda

og levde blant menneska.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.