Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Baruk

4 

1  Ho er boka med Guds forskrifter

og lova som varer til evig tid.

Alle som held fast ved henne, skal vinna livet,

men dei som forlèt henne, skal døy.

2  Vend om, Jakob, og grip henne!

Gå mot glansen frå lyset hennar.

3 Gjev ikkje din herlegdom til nokon annan,

dine gode til eit framandt folk.

4  Sæle er vi, Israel,

for det som er til glede for Gud,

er gjort kjent for oss.

Jerusalem trøystar borna sine

5  Ver ved godt mot, mitt folk,

du Israels minne.

6 De vart ikkje selde til framande folk

for at de skulle bli utrydda;

men fordi de vekte Guds vreide,

vart de gjevne over til motstandarane.

7  For de utfordra han som har forma dykk,

ved å ofra til vonde ånder og ikkje til Gud.

8 De gløymde han som amma dykk, den evige Gud,

og gjorde Jerusalem sorg, ho som fostra dykk.

9 Ho såg vreiden som kom over dykk frå Gud,

og sa: «Høyr, de grannekoner til Sion,

Gud har sendt over meg ei stor sorg.

10 Eg har sett mine søner og døtrer i fangenskapet

som Den evige førte over dei.

11 Eg hadde fostra dei med fryd,

eg sende dei av stad med klage og sorg.

12 Ingen må gleda seg over at eg er enkje,

forlaten av mange.

Eg er einsam fordi borna mine synda,

for dei veik bort frå Guds lov.

13 Dei rettferdige boda hans ville dei ikkje vita av,

dei følgde ikkje vegane som Guds bod syner,

og gjekk ikkje på oppsedings stigar,

som fører til hans rettferd.

14 Kom, de grannekoner til Sion,

hugs mine søner og døtrer i fangenskapet

som Den evige førte over dei.

15  Han sende mot dei eit folk langt bortanfrå,

eit skamlaust folk med framandt tungemål,

som korkje hadde age for gamle eller medkjensle med born.

16  Dei førte bort dei kjære frå enkja

og tok døtrene frå den einsame.»


17 Men eg, korleis kan eg hjelpa dykk?

18 Berre han som lèt ulukka koma,

kan riva dykk ut av fiendehender.

19 Dra av stad, born, dra av stad,

for eg sit einsam att.

20 Eg har kledd av meg fredsdrakta

og kledd meg i sekk til bøn og bot.

Eg vil ropa til Den evige alle mine dagar.


21 Ver ved godt mot, born! Rop til Gud,

så skal han fria dykk ut frå overmakt og fiendehender.

22 For eg har sett mi von til Den evige,

at han skal frelsa dykk.

Glede frå Den heilage fyller meg

fordi Den evige, dykkar frelsar,

snart skal visa dykk miskunn.

23 Eg sende dykk av stad med sorg og klage,

men Gud vil la meg få dykk att

med glede og fryd til evig tid.

24 For som grannekonene til Sion no har sett dykkar fangenskap,

slik skal dei snart få sjå frelsa frå dykkar Gud,

som skal koma over dykk med stor herlegdom

og glans frå Den evige.


25 Born, ber tolmodig den vreiden

som har kome over dykk frå Gud.

Fienden har forfølgt deg,

men snart skal du sjå han gå under,

og du skal setja foten på nakken hans.

26 Mine spede små gjekk på ujamne stigar,

dei er førte bort, lik buskap røva av fienden.

27 Ver ved godt mot, mine born, og rop til Gud!

Han som lét dykk bli råka, skal hugsa på dykk.

28 For slik de før tenkte på å fara vill, bort frå Gud,

må de no med tidobbel iver venda om og søkja han.

29 Han som lét ulukkene råka dykk,

skal gje dykk evig glede når de blir frelste.

Jerusalems herlege framtid

30 Ver ved godt mot, du Jerusalem,

han som gav deg namn, skal trøysta deg.

31 Ille skal det gå dei som gjorde deg vondt

og gledde seg over fallet ditt.

32 Ille skal det gå byane der borna dine var slavar.

ille skal det gå den byen som tok imot sønene dine.

33 For som ho har gledd seg over ditt fall

og jubla over ditt samanbrot,

slik skal ho sørgja over si eiga øydelegging.

34 Eg vil ta bort frå henne gleda over folkemassane,

stormotet hennar skal vendast til sorg.

35  For eld frå Den evige skal koma over henne

til fjerne morgondagar,

og vonde ånder skal bu der i lang tid.


36  Vend blikket mot aust, Jerusalem,

og sjå gleda som kjem til deg frå Gud.

37 Sjå, der kjem dine søner,

dei du måtte senda av garde,

dei kjem samla frå aust til vest på bodet frå Den heilage

og frydar seg over Guds herlegdom.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.