Herrens dag er nær for Egypt
1 Herrens ord kom til meg: 2 Menneske, tal profetord og sei:
Så seier Herren Gud:
Klag og skrik: For ein dag!
3 Dagen er nær,
Herrens dag er nær,
ein skytung dag.
Tida er inne
for folkeslaga.
4 Sverdet kjem over Egypt.
Rier av redsle grip Kusj
når egyptarar blir drepne,
når rikdomane blir tekne frå dei
og grunnmurane jamna med jorda.
5 Kusj og Put,
Lud og alle ørkenfolka,
Kub og menn frå land dei står i pakt med,
skal falla for sverd saman med dei.
6 Så seier Herren:
Dei som støttar Egypt, skal falla.
Den stolte makta deira skal gå under.
Frå Migdol til Syene skal dei falla for sverd,
seier Herren Gud.
7 Dei skal leggjast aude mellom øydde land,
byane skal liggja mellom ruinbyar.
8 Dei skal kjenna at eg er Herren
når eg set eld på Egypt
og alle som hjelper det, blir knuste.
9 Den dagen skal sendebod frå meg
dra ut med skip
for å skremma det trygge Kusj.
Rier av redsle grip dei
når dagen kjem for Egypt.
For sjå, han kjem!
10 Så seier Herren Gud:
Eg gjer ende på rikdomane i Egypt
med handa til Nebukadnesar, kongen i Babel.
11 Han og folket hans med han,
brutale folkeslag,
skal førast dit for å herja landet.
Dei skal dra sverd mot Egypt
og fylla landet med falne.
12 Eg lèt elvane tørka ut
og gjev landet i hendene på vonde.
Med handa til framande
øydelegg eg landet og alt som fyller det.
Eg, Herren, har tala.
13 Så seier Herren Gud:
Eg lèt avgudane gå til grunne
og gjer ende på fillegudane i Nof.
Det skal ikkje lenger finnast nokon fyrste frå Egypt.
Eg spreier redsle i landet.
14 Eg legg Patros audt,
set eld på Soan
og held dom over No.
15 Eg auser ut min harme over Sin,
festningsbyen i Egypt,
og øydelegg rikdomane i No.
16 Eg set eld på Egypt,
Sin skal vri seg i smerte,
No skal stormast
og Nof takast midt på lyse dagen.
17 Dei unge mennene i On og Pi-Beset
skal falla for sverd,
og kvinnene må fara i fangenskap.
18 I Tahpanhes blir dagen mørk
når eg bryt herskarstavane i Egypt
så den stolte makta tek slutt.
Skyer skal dekkja byen,
døtrene hennar må fara i fangenskap.
19 Eg held dom over Egypt.
Dei skal kjenna at eg er Herren.
Faraos makt er broten
20 Det var i det ellevte året, på den sjuande dagen i den første månaden. Herrens ord kom til meg:
21 Menneske, eg har brote armen
på farao, kongen i Egypt.
Sjå, ingen har forbunde han
så han kan bli frisk att.
Ingen har lagt han i fatle
så han blir sterk nok til å gripa sverdet.
22 Difor seier Herren Gud:
Sjå, eg kjem mot farao, kongen i Egypt.
Eg bryt begge armane hans,
både den sterke og den brotne.
Eg slår sverdet ut av handa hans.
23 Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga
og strør dei ut i landa.
24 Eg styrkjer armane til kongen i Babel
og gjev han mitt sverd i handa,
men armane til farao bryt eg.
Med banesår skal han sukka
og stønna framfor han.
25 Eg styrkjer armane til kongen i Babel,
men armane til farao skal siga.
Dei skal kjenna at eg er Herren
når eg legg sverdet mitt i handa på Babel-kongen
og han retter det mot Egypt.
26 Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga
og strør dei ut i landa.
Dei skal kjenna at eg er Herren.