1 Ein salme av David då han rømde for Absalom, son sin.
2 Herre, kor talrike mine fiendar er!
Mange reiser seg mot meg.
3 Dei seier om meg:
«Hos Gud er det inga frelse for han.» Sela
4 Men du, Herre, er eit skjold for meg,
du er mi ære, du lyfter mitt hovud.
5 Eg ropa høgt til Herren,
og han svara meg frå sitt heilage fjell. Sela
6 Eg la meg ned og sovna,
eg vakna, for Herren held meg oppe.
7 Eg er ikkje redd ti tusen
som samlar seg mot meg på alle kantar.
8 Reis deg, Herre! Frels meg, min Gud!
Du slår alle mine fiendar på kjeven
og knuser tennene til dei lovlause.
9 Frelsa er hos Herren.
Lat di signing kvila over ditt folk! Sela