1 Til korleiaren. Med strengespel. Ein salme av David.
2 Svar meg når eg ropar,
du min rettferds Gud!
Du viser meg ein veg ut av nauda.
Ver meg nådig og høyr mi bøn!
3 De menneske, kor lenge
skal mi ære krenkjast?
Kor lenge skal de elska det som er tomt
og jaga etter løgn? Sela
4 Vit at Herren gjer under
for den som er trufast mot han.
Herren høyrer når eg ropar til han.
5 Skjelv for han og synd ikkje meir.
Sei til dykk sjølve når de går til ro: «Ver stille!» Sela
6 Ber fram rette offer
og set dykkar lit til Herren!
7 Mange seier:
Kven kan gje oss lukke?
Lat lyset frå ditt andlet
skina over oss, Herre!
8 Du gjev meg større glede i hjartet
enn andre får av mengder med korn og vin.
9 I fred vil eg leggja meg ned og sova.
For du, Herre, berre du
lèt meg kvila trygt.