Gå til forsiden

Tobit

10

Tobit og Anna ventar

1  Dag for dag talde Tobit etter kor mange dagar Tobias trong på reisa og på heimferda. Då dagane var gått og sonen ikkje var komen, 2 sa han: «Kanskje han har vorte hefta med noko der borte? Eller kanskje Gabael er død, så ingen kan gje han pengane?» 3 Han vart meir og meir uroleg. 4 Og Anna, kona hans, sa: «Barnet mitt er omkome og er ikkje lenger i live.» Ho byrja gråta og jamra over sonen og sa: 5 «Ve meg, barnet mitt, at eg lét deg reisa, du lys i auga mine.» 6 Då sa Tobit til henne: «Tei stille, sei ikkje slikt, syster, han er uskadd. Dei har vorte hefta av noko der borte. Mannen som reiser saman med han, er påliteleg og ein av våre.» 7  Men ho svara: «Tei stille og narra meg ikkje! Son min er død.» Kvar dag sprang ho ut av huset og heldt oppsikt med vegen som son hennar hadde teke då han reiste vekk. Etter solnedgang kom ho inn og jamra og gret heile natta og kunne ikkje sova.

Tobias reiser heim

Då dei fjorten dagane som Raguel hadde lova dotter si at bryllaupsfesten skulle vara, var over, gjekk Tobias til han og sa:

«Lat meg no få reisa, for eg veit at far min og mor mi ikkje trur at dei skal få sjå meg att. No bed eg deg, far, om å senda meg av garde og la meg koma heim til far min. Eg fortalde deg jo korleis det var med han då eg drog derifrå.» 8 Men Raguel sa til Tobias: «Ver her, guten min, bli her hjå meg, så sender eg bod til Tobit, far din, og fortel han korleis det går med deg.» 9 Men Tobias svara: «Aldri! Eg bed deg, send meg herifrå og til far min.» 10  Då skar Raguel gjennom og gav Tobias dotter si, Sara, til kone. Han gav han òg halvparten av alt han eigde, slavegutar og slavejenter, stutar og sauer, esel og kamelar, klede, pengar og utstyr. 11 Så lét han dei reisa trygt av garde og helsa Tobias og sa: «Lukke til, son min, og god reise! Måtte Herren i himmelen leia deg og kona di, Sara, og måtte eg få sjå borna dykkar før eg døyr.» 12 Og Raguel sa til dotter si, Sara: «Reis av stad til svigerfar din! Frå no av er dei foreldra dine, like mykje som dei som gav deg livet. Gå i fred, dotter mi! Måtte eg berre få høyra godt om deg så lenge eg lever.» Så helsa han dei og lét dei fara. Og Edna sa til Tobias: «Barn og kjære bror, måtte Herren føra deg vel attende og la meg få sjå dine born medan eg lever og borna til Sara, dotter mi, før eg døyr. For Herrens andlet gjev eg dotter mi i di varetekt. Gjer henne aldri ulukkeleg så lenge du lever. Far av garde i fred, barnet mitt. Frå no av er eg mor di og Sara er syster di. Måtte det i alle våre levedagar gå oss godt, alle saman!» Så kyste ho dei begge og sende dei vel av garde.

13 Tobias forlét Raguel frisk og glad. Han prisa Herren over himmelen og jorda, kongen over alt, som hadde late reisa lukkast for han. Og Sara sa til han: «Det har lukkast deg å æra dei for resten av deira levetid!»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.