Gå til forsiden

Tobit

9

Rafael hos Gabael

1 Tobias kalla på Rafael og sa til han: 2  «Bror Asarja, ta med deg fire husslavar og to kamelar og reis til Rages. Gå til Gabael og gje han det signerte dokumentet, hent pengane og ta han med deg til bryllaupsfesten. For du veit at far min tel dagane. Blir eg ein dag for sein, blir han svært uroleg. Du veit også kva Raguel lova, og eg kan ikkje gå utanom lovnaden hans.»

5  Så drog Rafel og dei fire slavane og dei to kamelane av garde til Rages i Media. Dei slo seg ned hos Gabael, gav han dokumentet og forklarte han at Tobias var son til Tobit, at han hadde gifta seg og at no var Gabael beden på festen. Då reiste Gabael seg. Han talde opp dei forsegla pengeposane og leste dei på kamelane. 6  Tidleg neste morgon stod dei opp for å reisa til bryllaupsfesten. Dei kom til huset til Raguel, der Tobias låg og åt. Han sprang opp og omfamna Gabael. Gabael braut ut i gråt, velsigna han og sa: «Du vakre og gode, son til ein godvakker mann, rettvis og gåvmild, måtte Gud gje signing frå himmelen til deg og kona di og til far din og mor til kona di! Velsigna vere Gud, for det er ein tru kopi av Tobit, slektningen min, eg ser her.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.