Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til korintarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

Neste kapittel >

Helsing
1Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Kristi Jesu apostel, og bror vår Sostenes  2 helsar Guds forsamling i Korint, de som er helga i Kristus Jesus og kalla til å vera heilage saman med alle som kvar på sin stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre:  3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Takk til Gud
 4 Eg takkar alltid min Gud for dykk, for Guds nåde som er gjeven dykk i Kristus Jesus.  5 I han har de vorte rike på alt, på all lære og all kunnskap.  6 Så er òg vitnemålet om Kristus grunnfest mellom dykk,  7 så de ikkje manglar noka nådegåve medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg.  8 Han skal òg grunnfesta dykk til enden kjem, så de kan stå ulastelege på vår Herre Jesu Kristi dag.  9 Gud er trufast, han som har kalla dykk til fellesskap med sin Son, Jesus Kristus, vår Herre.
STRID I FORSAMLINGA (1,10–4,21)
Åtvaring mot usemje
10     Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke. 11 For dei hos Kloe har fortalt meg, sysken, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», medan andre seier: «til Apollos», «til Kefas» eller «til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon andre av dykk enn Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Rett nok har eg òg døypt Stefanas og alle heime hos han, men elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan. 17 For Kristus har ikkje sendt meg ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og då ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal mista si kraft.
Guds visdom og menneskevisdom
18 For ordet om krossen er dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det Guds kraft. 19 For det står skrive:
           Eg vil gjera ende på visdomen hos dei vise,
           og klokskapen hos dei kloke vil eg gjera til inkjes.
20 Kvar er så dei vise? Kvar er dei skriftlærde? Kvar er dei kloke hovuda i denne verda? Har ikkje Gud vist at visdomen i verda er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar. 24 Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn menneske, og Guds veikskap er sterkare enn menneske.
   
26 Sjå berre kven de sjølve er, sysken, de som vart kalla: ikkje mange vise etter menneskelege mål og ikkje mange mektige eller av fornem slekt. 27 Men det som går for å vera dårskap i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skamme. Det som blir rekna som veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skamme. 28 Ja, det som står lågt i verda, det som blir sett ned på, det som ikkje er noko, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ingen menneske skal ha noko å vera stolte av for Gud. 30 De er hans verk i Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31  den som er stolt, skal vera stolt av Herren, slik det står skrive.
Neste kapittel >

11. august 2022

Dagens bibelord

Salmene 32,1–11

Les i nettbibelen

1Av David. En læresalme. Salig er den som får sine lovbrudd tilgitt og sine synder skjult! 2Salig er det mennesket som Herren ikke tilregner skyld, som er uten svik i sin ånd. 3Så lenge jeg tidde, ble mine knokler tæret bort mens jeg stønnet hele dagen. ... Vis hele teksten

1Av David. En læresalme. Salig er den som får sine lovbrudd tilgitt og sine synder skjult! 2Salig er det mennesket som Herren ikke tilregner skyld, som er uten svik i sin ånd. 3Så lenge jeg tidde, ble mine knokler tæret bort mens jeg stønnet hele dagen. 4For dag og natt lå din hånd tungt på meg. Min livssaft svant som i sommerens hete. 5Da bekjente jeg min synd for deg og skjulte ikke min skyld. Jeg sa: «Jeg vil bekjenne mine lovbrudd for Herren.» Og du tok bort min syndeskyld. 6Derfor skal alle trofaste be til deg i tider med trengsel. Om det kommer en veldig vannflom, til dem skal den ikke nå. 7Du er mitt skjulested, du verner meg mot nød, med frelsesjubel omgir du meg. 8Jeg vil gjøre deg vis og lære deg den veien du skal gå, jeg vil la mitt øye hvile på deg og gi deg råd. 9Vær ikke som hest og muldyr, uten forstand! Deres smykke er tømme og bissel til å tvinge dem med, ellers kommer de ikke til deg. 10Den urettferdige har mange plager, men den som setter sin lit til Herren, omgir han med godhet. 11Dere rettferdige, gled dere og juble i Herren! Bryt ut i fryderop, alle oppriktige av hjertet!